Cuxhaven er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 50 000 innbyggjarar.
Byen ligg ved kysten av Nordsjøen og munningen av Elbe. Cuxhaven strekkjer seg 14 km frå aust til vest og 7 km frå nord til sør. Han er administrasjonsstad i landkreisen Cuxhaven og er ein populær feriestad ved Nordsjøen.
Cuxhaven | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis | Tyskland Niedersachsen Ingen Cuxhaven |
Grunnlagd | 1907 |
Geografi | |
Flatevidd - By | 161,90 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik | 52 095 322/km² |
Koordinatar | 53°51′0″N 8°42′0″E / 53.85000°N 8.70000°E |
Høgd over havet | 0-38 m |
Tidssone - Ved sommartid | CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 27472-27478 |
Telefon-retningsnummer | 04721-04724, 04727 |
Bilnummer | CUX |
Heimeside: www.cuxhaven.de |
Cuxhaven er ein relativt ung by og vart først ein by 15. mars 1907. I over 600 år fram til 1937 høyrte Cuxhaven til Hamburg.
Mellom 1945 og 1964 vart det utført forskjellige raketteksperiment nær Cuxhaven. I oktober 1945 vart V-2-raketten skote opp som ein demonstrasjon for dei allierte. Seinare vart det avfyrt mange rakettar her, alt frå naudrakettar til store forskingsrakettar. I 1963 vart den første raketten som nådde ei høgd 120 km skote opp frå Cuxhaven. Etter ei ulukke med dødleg utfall i 1964 vart testoppskytinga lagt ned.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Cuxhaven, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.