Chiemsee

Chiemsee er ein innsjø i Bayern i Tyskland mellom byane Rosenheim og Salzburg.

Han vart stundom kalla «Den bayerske sjøen». Chiemsee får vatn frå elvane Tiroler Achen og Prien, medan vatnet renn vidare ut i Alz. Chiemsee er delt inn i ein større, nordleg del i nordaust kalla Weitsee og Inselsee i sørvest.

Chiemsee
innsjø
Chiemsee
Land Chiemsee Tyskland
Tilsig Tiroler Achen og Prien
Utløp Alz
Høgd over havet 518 moh.
Areal 79,9 km²
Største djupn 73 m
Volum 2 048 millionar m³
Kystlengd1 63,96 km
Koordinatar 47°53′24″N 12°28′12″E / 47.89000°N 12.47000°E / 47.89000; 12.47000

Chiemsee
47°53′N 12°28′E / 47.89°N 12.47°E / 47.89; 12.47
Wiki Commons: Chiemsee (lake)
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Området rundt Chiemsee vert kalla Chiemgau og er ein kjend feriestad.

Chiemsee er òg namnet på eit tysk sportsklesmerke.

Herrenchiemsee, Frauenchiemsee og «Krautinsel»

Dei to største øyane i Chiemsee er Herrenchiemsee (den største) og Frauenchiemsee, òg kalla Herreninsel og Fraueninsel. Ei tredje og mindre øy heiter Krautinsel, og ho er ikkje busett.

  • På Herrenchiemsee står det mellom anna eit slott bygd av Kong Ludvig II i 1878, som òg heiter Herrenchiemsee. Dette slottet vart aldri gjort ferdig, og det var meininga at det skulle vere ein kopi av Versailles i Frankrike. Mange av dei meir interssante romma i slottet er open for turistar, og slottet og området rundt er open heile sommaren.
  • Frauenchiemsee er den mindre av dei to største øyane og huser eit benediktinarnonnekloster (bygd i 782) i tillegg til ein liten landsby. Nonnene lagar ein likør kalla Klosterlikör.

Bortsett frå dei største øyane finn ein i tillegg tre småøyar:

  • Schalch vest for Frauenchiemsee
  • to holmar utan namn, som ligg 54 og 80 meter sør for Krautinsel med eit areal på 30 m² kvar.

Bakgrunnsstoff

Chiemsee  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Chiemsee

Kjelde

Tags:

AlzBayernInnsjøRosenheimSalzburgTiroler AchenTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Lohengrin sjokoladeDanmarkVaktelKjemiKnuskkjukeErik AndersenHar SedomAbdusamet YigitVietnamSS LazioOttomanFøderal republikkAndre påskedagSevillaLeif ØstliIntellektuellLockheed F-104 StarfighterLinda MedalenOrientråkeMånenPatrick RoestAust-Agder fylkeStratovulkan27-årsklubbenTadsjikistanEvangerLikning i matematikk1754Karl X av FrankrikeCosta RicaPremier LeagueDet norske alfabetetArnanipatunnelenElisabeth AndreassenAn-MagrittKambodsjaAda LovelaceMinneapolisAbkhasiaMarit BjørgenSkypePeruElias Elffors ElfströmVillepleMichelle ObamaSau1450LemmingMelatoninFylkeWikipediaDjengis khanNato-alfabetetLungebetennelse1. divisjon fotball for menn 1977HubroBreivikbotnElizabeth II av StorbritanniaSamvirkelagKalkulusAleksej NavalnyjNederlandRasHeidi LøkeKystvaktaErling SkakkeNynorskSojuArve OpsahlHenrik IbsenKapp Verde10661613BjørnSkjærtorsdag🡆 More