silver Stone/Arkiv

Hei! Du gjer ein god innsats med Harry Potter-artiklar, men det er ikkje sikkert at eitkvart vesen eller omgrep i serien treng eigen artikkel.

Gnav

Gnav, til dømes, er ein mindre viktig figur i serien, og spelet er mykje betre kjend. Derfor har eg rulla tilbake -- du kan henta teksten din her og eventuelt leggja han inn under Galtvort eller ein annan passande stad. --Ranveig (talk) 5. mars 2012 kl. 16:22 (CET)

Hei! Tusen takk for det. Det er heilt greit det med artikkelen, takk for at du sa ifrå. Eg skal tenkje på frå no av! :) --Silver Stone (talk) 5. mars 2012 kl. 19:39

Velkomen!

Velkommen til Nynorsk Wiki

Det frie oppslagsverket der alle kan delta

Hei og velkommen til Nynorsk Wiki, Silver Stone/Arkiv! Her kjem nokre lenker, der du kan...

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutera saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørja!


Eg ser me heilt har gløymt å ynskja deg velkomen som brukar. Sjå på deg sjølv som velkomen! HallvardLid (diskusjon) 12. mai 2012 kl. 17:39 (CEST)


Hei! Haha, det gjer ikkje noko. Betre seint enn aldri, hehe.. Tusen takk! :-D Silver Stone (diskusjon) 12. mai 2012 kl. 19:54 (CEST)

Omsetjing av engelske artiklar

Hei Silver Stone. Artikkelen Religiøse debattar over Harry Potter-serien er omsett frå delar av ein engelsk artikkel, men det å omsetja ein artikkel frå engelsk wikipedia er inga enkel oppgåve. Viss eg for eksempel vil omsetja setninga "In 2002, the books were banned in schools across the United Arab Emirates (UAE)" og omset ord for ord, vil den norske setninga bli "I 2002, bøkene blei bannlyste på skular over foreinte arabiske emirat (UAE)."

Som du kanskje oppdagar, er ikkje denne setninga særleg god norsk. Ofte må ein stokka om på orda i omsetjingsprosessen for at dei skal høyrast betre ut på norsk. Ei betre omsetjing av den same setninga hadde vore noko slikt som: "I 2002 blei bøkene bannlyste frå skulane i dei sameinte arabiske emirata." Slike ting må ein stadig vera på vakt for når ein omset tekstar frå engelsk til norsk. Det krev at ein jobbar ganske mykje med språket.

Eg vil føreslå at du ventar ei stund med å omsetja lange tekstar frå engelsk til norsk. Men du må gjerne halda fram med å omsetja artiklar frå bokmål til nynorsk :) Øving gjer meister!

HallvardLid (diskusjon) 27. mai 2012 kl. 20:54 (CEST)

Hei! Takk for at du seier ifrå, eg vil jo berre forbetre meg. :) Ja, eg såg at ikkje alt blei så bra oversatt, har tenkt å jobbe meir med det. Håpar eg ikkje laga for mykje rot, hehe. Skal øve på dette. Takk for tilbakemelding! :)

Silver Stone (diskusjon) 27. mai 2012 kl. 22:44 (CEST)

Fødd-mal og kategoriar

Hei. Berre eit lite tips. Fint om du legg til fødd-mal i artiklane du skriv. Då skriv du inn dette og endrar informasjonan slik at han passar til personen i artikkelen: {{fødd|1. januar|1901|Etternamn, Førenamn|fødestad=i/på [[fødestaden]]}}. Då kjem årstal og datoar opp som kategoriar nedst på sida og personene vert kategorisert etter etternamn i alle kategoriar. Og når du skriv ein artikkel er det lurt å leggje til kategoriar nedst på sida. T.d. [[Kategori:Norske skodespelarar]] om personen er ein norsk skodespelar eller [[Kategori:USA-amerikanske songarar]] om personen er ein amerikanske songar frå USA. Om du lurar på korleis du gjer dette kan du t.d. sjå i artikkelen om Tyra Banks. :-) --AlexanderMG (diskusjon) 30. mai 2012 kl. 16:44 (CEST)


Hei! Takk for det om fødd-malen, det visste eg ikkje frå før. Takk! :-) Silver Stone (diskusjon) 30. mai 2012 kl. 21:36 (CEST)

Kjelder

Hei. Eit lite tips til. Når du legg til kjelder frå ein annan Wikipedia kan du skrive t.d. {{en|Norway}} om du skal omsetje artikkelen Norway frå Engelsk Wiki Nynorsk. Då treng du ikkje å kopiere linken og lime han inn. Denne meldinga vil då vere synleg i staden for linken: Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av ein artikkel Norway frå Engelsk Wiki Nynorsk.

OK, takk! :) --Silver Stone (diskusjon) 6. juni 2012 kl. 17:32 (CEST)

Interwiki

Hei! Det må leggast til interwiki på dei kommuneartiklane du oppretta i natt. Eg gjorde det på Boca da Mata slik at du kan sjå korleis. Ha ein god dag der du er! Mvh.--Anne-Sophie Ofrim (diskusjon) 23. juli 2012 kl. 10:19 (CEST)

    Hallo! Eg ser nokon har lagt det inn på alle artikkelane no, men dersom eg lagar fleire skal eg hugse å leggje inn interwiki frå no av. Takk for det, ha ein god dag du også. :) Silver Stone (diskusjon) 23. juli 2012 kl. 13:13 (CEST)
      Hei. Hugs å leggje til interwiki og kategoriar i artiklane du oppretter. --Altijd (diskusjon) 23. juli 2012 kl. 18:26 (CEST)
        Ja. :) Silver Stone (diskusjon) 23. juli 2012 kl. 18:32 (CEST)
          Hei. Vil berre minne deg på at du må leggje til interwiki og kategoriar i artiklane du opprettar. Ser du har gløymt det i mellom anna artikkelen om Chris Columbus. --Altijd (diskusjon) 27. juli 2012 kl. 15:22 (CEST)

Kypriotiske byar/kommunar

Å opprette så mange spirer er vel ikkje naudsynt? Då er det betre med færre, men gode artiklar. Ser òg at du nyttar bokmålswikien som kjelde, men ikkje tek han med når du legg inn interwiki. Ein spesiell grunn til det? Her kan du få oversyn over korleis greske namn skal skrivast på norsk: [1] --Altijd (diskusjon) 27. juli 2012 kl. 16:55 (CEST)

    Hei! Eg skal skrive meir på artikkelane før eg opprettar nye no. :) Du har rett, det er betre med færre, gode artikkelar. Det med bokmål i interwiki har eg rett og slett gløymt, skal leggje det inn no. Takk! Silver Stone (diskusjon) 27. juli 2012 kl. 17:02 (CEST)

Orddeling

Tips: du vil skriva mykje betre nynorsk (og bokmål) om du nyttar rett orddeling (som «orddeling» i staden for «ord deling»). Om du skriv omlag slik som du (truleg) uttalar orda vert det ofte rett. AMO er ein nettstad for dei som er opptekne av feil orddeling, som òg er underhaldande. --Sigmundg (diskusjon) 10. august 2012 kl. 17:42 (CEST)

    Ja, eg har litt problemer med det! Takk for tipset! :) --Silver Stone (diskusjon) 11. august 2012 kl. 10:37 (CEST)

Caplex

Caplex er ikkje tilgjengelg på Internett lenger, men det var det ein gong før, og er blitt brukt som kjelde for mange artiklar. Det er ikkje vits i å ta det bort slik at me får fleire artiklar utan kjelder. Men peikaren (http://caplex...) treng me kanskje ikkje. --Ranveig (diskusjon) 13. august 2012 kl. 19:04 (CEST)

Referansar

Enda eit tips: Om du legg inn forfattar, tittel på atikkelen og publiseringsdato, slik:

    Alexander, L., Interview: Former Microsoft Exec Fries Talks Xbox's Genesis, WebCite, 14. august 2009.

er det enklare for lesarane å sjå kva referansen handlar om. Det er ikkje alltid at forfattar og data står, men når det gjer det bør det vera med. --Sigmundg (diskusjon) 14. august 2012 kl. 16:48 (CEST)

Manglar kjelder

Eg ser du har plassert eit «manglar kjelder»-banner øvst i artikkelen om Jon Gisle. Som du sikkert har sett, har eg omsett han frå bokmål. Før i tida omette eg av og til artiklar frå bokmålswikipedia, det var noko lærerikt i det. Å omsetje og forbetre. Men eg slutta med det då artikkelen om Binders fekk eit slikt banner på seg. Nett som folk ikkje likar at slike artiklar blir omsett til nynorsk. No hadde eg litt tid til overs, og omsette likevel. Men andre kjelder enn nb-wiki til artikkelen om Gisle, finst ikkje. --Knut (diskusjon) 2. november 2012 kl. 18:21 (CET)

Tags:

silver Stone/Arkiv Gnavsilver Stone/Arkiv Velkomen!silver Stone/Arkiv Omsetjing av engelske artiklarsilver Stone/Arkiv Fødd-mal og kategoriarsilver Stone/Arkiv Kjeldersilver Stone/Arkiv Interwikisilver Stone/Arkiv Kypriotiske byarkommunarsilver Stone/Arkiv Orddelingsilver Stone/Arkiv Caplexsilver Stone/Arkiv Referansarsilver Stone/Arkiv Manglar kjeldersilver Stone/ArkivBrukar:RanveigBrukardiskusjon:RanveigGaltvortGnavHarry Potter

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter Wessel TordenskjoldPetter NorthugNorges SkaalCand.scient.Abdusamet YigitKirkeristenNorrøntBelgiaDisseLokeNasjonaldrikkProfessor emeritusHindugudarAlexandra GjerpenUndergrunnsbanen i LondonAnneke von der LippeAvlídaTanzaniaSentral-Kérkyra og dei diapontiske øyaneErik AndersenKjærleikTanjung MorawaMoskvaDet buddhistiske livshjuletMount EverestHindutempelJehovas vitneDrivstoffet knottGalileo GalileiSvaleurtKlimaGemyttUrfolkHarald EiaFylkesveg 751Øystein SundeHallingmålSvenska flaggans dagMartha SkrettebergMarie AntoinetteFaenIndiahavetBeatin' the Odds av Molly HatchetDei fire årstideneDelfíDonald TrumpNitrogen2019SovjetunionenUtviklinga av traktorenScrabbleTalordJacob BredesenNazismeRegjeringa Bondevik IIRundePolenTrønderskgc4roBergen kommuneGrodagenIsi-Cola21. januarRekreasjonKapitalismeFlaggdagarFilmjølkTustnaMagnus CarlsenStatens kartverkSilje NordnesSagaen om IsfolketIstiéa-EdipsósA Whiter Shade of PaleKuusamoSpore på hundLa Liga🡆 More