Sigmundg

Vart med 17. mars 2006
Siste kommentar: for 3 år sidan av MediaWiki message delivery i emnet We sent you an e-mail

Administrator?

Kunne du tenkje deg å vere administrator her? Det ligg ikkje noko krav om at du skal gjere meir «administrering» (enn det du alt gjer) i å vere administrator, men du vil mellom anna få tilgong til å slette sider. --Jorunn 28. august 2008 kl. 11:25 (CEST)

    Eg får ikkje tid til å gjera så mykje på Wikipedia dei fyrste månadane framover, så eg trur det er betre å finna ein annan kandidat. Dessutan kan ein gjera det meste utan å vera administrator. --Sigmundg 28. september 2008 kl. 10:49 (CEST)

Mal:Kjelder

Ting som ligg i mal-rommet er meint som inkluderingar i artiklar (og evt. i brukarnamnerom). Du får sjå om du kanskje kan få sydd inn teksten din i Wikipedia:Kjelder. --Harald Khan Ճ 7. desember 2008 kl. 13:02 (CET)

Temasida

Flott temaside! Dersom du vil legge inn På Wikimedia, kan du legge inn Mal:WikimediaForPortals. Dersom du vil endre på han kopierer du kjeldekoden til Tema:Industri og næringsliv/WikimediaForPortals. Martin NH 9. desember 2008 kl. 11:04 (CET)

Manglande traktor-figur?

Hei, Sigmund. I innleiinga i artikkelen traktor står det:

    Den fyrste traktoren i Noreg kom til landet 17. mai 1908. Det var ein Ivel, av same type som traktoren i Fig. 31.

Problemet er berre at eg berre finn 30 figurar i artikkelen, og ikkje noko avsnitt som heiter «Ivel», slik lenkja på «Fig. 31» går til. Kan du sjå på dette? --EIRIK\diskusjon 12. desember 2008 kl. 23:26 (CET)

      I samband med at det meste av soga om utvikling av traktoren vart flytta til ein eigen artikkel, "Soga om utviklinga av traktoren", hamna det som var Fig. 31 i den artikkelen. Eg har no fjerna referansen til Fig. 31. --Sigmundg 13. desember 2008 kl. 01:05 (CET)

Høgnorsk og interwiki

Ver varsam når du legg til interwiki i høgnorskkategoriar eller -artiklar (det er ikkje alle som meiner at dei bør ha det i det heile teke). Ein robot som no går gjennom alle artiklane frå botnen av vil leggja til Kategori:Hn/Måleiningar til dei andre wikipediane av di kategorien kjem føre i alfabetet i forhold til Kategori:Måleiningar. Eg har no lagt til ei lenkja til nn på en slik at det likevel ikkje skjer. --Harald Khan Ճ 29. desember 2008 kl. 23:46 (CET)

Fysikk-pedant?

Eg har ei kjensle av at du veit mykje om fysikk og mekanikk. Eg savnar så sårt ei omsetting eller nyskriving av artikkelen om lova til Laplace (eigentleg burde artikkelen om mannen òg blitt jobba mykje med). Men eg skjønar ikkje nok av mekanikken/fysikken som står der til at eg vågar meg. Har du tid og lyst? --Ekko 30. desember 2008 kl. 09:38 (CET)

    Eg er elektromann (og burde skriva om elektrofag), så eg veit ikkje så mykje om mekanikk og enda mindre om væskedynamikk. Det er har skrive om mekanikk er anten historisk eller svært grunnleggande. Eg vil tru det er Frokor som kan mest om væskedynamikk på nn wp, så artikkelen vil verta betre om det er han som omset han. Du kunne kanskje skriva om bruk innan medisin? --Sigmundg 30. desember 2008 kl. 12:21 (CET)
      Fysikken i seg sjølv er ikkje problemet, men eg er ikkje fortruleg med den norske terminologien innan væskedynamikk, og det lyt ein vera for å skriva om emnet. --Sigmundg 30. desember 2008 kl. 21:44 (CET)

Fleirtydigssider

Eg ser ikkje heilt verdien i fleritydingssider med berre ei blålenkje og resten raudlenkjer. Men du har kanskje tenkt å arbeide vidare med blåblyanten : ) i så fall er det flott. - Knut 3. januar 2009 kl. 18:45 (CET)

    Ja, ein artikkel om til dømes logaritmer må vi ha, men det kan sjølvsagt diskuterast om det bør opprettast fleirtydingssider før artikkelen finst. Føremonen med å oppretta fleirtydingssider så tidleg som mulig er at ein da kan unngå at lenkjer må reparerast seinare. Eg har ofte sett lenkjer som viser til feil ord når det er fleire tydingar. --Sigmundg 3. januar 2009 kl. 19:30 (CET)

Veghøvel

Ser at du har lenka vidare til vegskrape frå veghøvel. Kanskje omdirigeringa mi var litt rask. Du kan jo laga ein liten artikkel der når du har tid, og fjerne omdirigeringa. Eg tenkte at dei eigentleg var same maskin. --KRISTAGAα-ω 13. januar 2009 kl. 22:10 (CET)

Maskin

Hallo! Eg storkosar meg med maskinartiklane dine. Supre saker. Rettskrivinga di går til tider i hytt og vêr, men det kan jo vi andre hjelpe til med. Eg har eit spørsmål om det. Korleis vil du eigentleg skrive maskin? Som hankjønn ein maskin-maskinen-maskinar-maskinane, eller hokjønn ei maskin-maskina-maskiner-maskinene. Du blandar formene, og det kan ein jo ikkje. Begge er like lovlege i nynorsk, men ein må halde seg til ein variant. Si kva du vil ha, så skal eg hjelpe til med å rette opp her og der.--KRISTAGAα-ω 14. januar 2009 kl. 21:13 (CET)

      Så det er lov med hankjønn i "maskin" på nynorsk? Jeg sier "maskina" i min dialekt (men en maskin, en blanding av han- og hokjønn som er nokså vanlig i moderne østlandstale, muligens grunna påvirkning fra bokmål). --Oddeivind 14. januar 2009 kl. 22:29 (CET)
        Nynorskordboka seier: «maski'n f1 el. m1 (lat. machina frå gr makhana, mekhane 'verkty')», men for meg er maskin hokjønn. Om eg har skrive «en» er det truleg av at eg har trykkt for lett på i-tasten (det er ein uvane eg har lagt meg til). Ein annan uvane er at eg trykkjer på nabotasten (utan å merka det). Så det er bra at nokon rettar opp «meam culpam litterati». --Sigmundg 14. januar 2009 kl. 22:38 (CET)

To Gwyonbach

Hello: I fixed the card Bogdan. Please watch sites on french L'Anse aux Meadows, and Viking (I managed to drop the card in France Commons, but I can not do it on sites English, Dutch, Japanese and Israeli or Norsk bokmål it would be beneficial to Wikipedia, if you could do it. Thank you.Gwyonbach 20 jul 2009 11:26 (UTC)

Det første krosstoget

Hei, eg har lyst å bli kvitt {{Mal:Objektivitet}} -malen frå artikkelen om det første krosstoget. Det siste du har skrive er:

    "eg tykkjer framleis at artikkelen er einsidig, på det viset at han framleis framstiller krosstoga frå ein noko einsidig Europeisk ståstad. Dette er eit stort problem innan historie,…"
    "Det er svært vanskeleg å skriva denne type artikklar og etter mi meining er det ikkje alltid ein god ide å omsetta frå eit anna språk. Dei fleste nasjonar og kulturar har ofte ein tendens til å sjå ting ut frå sin eigen kultur og når ei løgn eller halvsanning vert atteken ofte nok er det ein fare for at ho vert oppfatta som "historie". (Eg tenkjer ikkje spessielt på denne artikkelen.)"

Kan du lese gjennom ein gong til å foreslå konkrete forbetringar? At artikkelen ikkje burde vore skrive i det heile tatt, må eg sei meg sterkt usamd i. Hogne 22. september 2009 kl. 22:06 (CEST)

Hestekrefter til sjøs?

Når eg arbeider med norske redningsskøyter ser eg at motorane som vart innsett i dei første motorskøytene vert oppgjevne med to verdiar, slik som til dømes på den første motoriserte skøyta RS «Andreas Aarø»: 50/80 HK Wichman semidiselmotor. Veit du om det tyder "marsjytelse/toppytelse"? Eller har det anna forklaring?--Andreasv 14. april 2010 kl. 23:33 (CEST)

    Nei, eg er ikkje sikker på om det står for «marsjytelse/toppytelse», eller om det er med/utan gir. Dette med ytelse på gamle motorar er eit noko infløkt emne. Eg kan freista å finna informasjon om det, men det kan ta litt tid. --Sigmundg 20. april 2010 kl. 17:22 (CEST)

Glødehodemotor

I artikkelen står: "Motoren syg luft inn i sylinderen når stemplet er på tur nedover..." Stemmer det? Tegningen viser en totakt og det nevnes at de fleste glødehodemotorene var totaktere. Kan ikke se at en totakter suger luft inn i sylinderen når stempelet er på veg ned, da er det høytrykk og arbeidsslag i sylinderen. Omtales her en 4-takt? Mvh KjellG 3. mai 2010 kl. 23:54 (CEST)

Kjetting

Hallo! I artikkelen om kjetting skriv du: «Kjetting vert nytta for jøla tømmer og anna last på lastebilar». Ordet «jøla» står ikkje i ordboka. Er det ein dialektvariant av «gjorde»? --KRISTAGAα-ω 27. oktober 2010 kl. 01:27 (CEST)

Etterkjølar eller ladeluftkjølar?

Ettersom eg veit er «ladeluftkjølar» det mest brukte ordet for «intercooler» på norsk. Grunnen er vel at ein eigentleg kan bruke ein ladeluftkjølar uten å ha turbo montert, og da er det jo ikke kjøling etter noe. Kan eg endre «etterkjølar» til «ladeluftkjølar» i artikkelen om lastebil? --KRISTAGAα-ω 23. april 2011 kl. 12:54 (CEST)

19,5 m

Bra du følgjer med. Så klart det skal vera 19,5 meter. --KRISTAGAα-ω 27. april 2011 kl. 00:19 (CEST)

Itaca

Caro Sigmund,grazie per l'accoglienza.--Itaca 10. juni 2011 kl. 11:40 (CEST)

Vassjet

I artikkelen Norske redningsskøyter, utvald artikkel veke 27, er vassjet raud. Er det noko du kan gjere noko med?--Andreasv 26. juni 2011 kl. 21:31 (CEST)

Bilar

Hei. ser du har jobbet en del med bilartikler og kategorier i det siste. Har du anldning til å se på SAAB 9-5? jeg får ikke infoboksene til å ligge rett under hverandre... Tusen takk!--Teodor 22. januar 2012 kl. 20:53 (CET)

Tekniske omgrep

Eg har sjølvsagt ingen problem med at du endrar i artiklar om tema du openbart har greie på (eller artiklar du ikkje har greie på òg for den saks skuld), men som med admittans, så bør det stå noko meir om kva det faktisk er, slik at artikkelen kan stå for seg sjølv og ikkje vere avhengig av artikkelen om impedans for at ein skal forstå kva det dreiar seg om. Om impedans-artikkelen vert skriven på same måte (at det er det inverse av admittans), så er ein like langt i forståinga av kva det er. --Frokor 17. februar 2012 kl. 13:01 (CET)

    Eg er samd i at det bør stå litt meir, men da bør det vera rett. Eg skal sjå om eg får tid til å legga inn eit døme på bruk av admittans og impedans. Impedans er langt meir nytta enn admittans, så det er naturleg å skrive meir i ein artikkel om impedans. Impedans og admittans vart fyrst tekne i bruk innan vekselspenningskrinsar med fast frekvens, men vert i dag nytta uavhengig av frekvens og innan mange fagfelt. Dette ser det ikkje ut som Store norske har fått med seg. --Sigmundg 17. februar 2012 kl. 13:13 (CET)

Lisens

Hei! Kan du leggja inn ein lisens på Fil:WaveFormat.jpg? --Ranveig (diskusjon) 6. mars 2012 kl. 15:18 (CET)

Brukarrettleiingar

Fint når nokon forbetrar artiklar. Men eg rulla attende endringa i artikkelen om utelatingsteikn, fordi eg (og sikkert fleire) kan ha bruk for å lese korleis vi skriv utelatingsteiknet. Elles må vi skrive tre prikkar «...» - og det skal ikkje vere nøyaktig det same som «…». --Knut (diskusjon) 27. mars 2012 kl. 23:08 (CEST)

Takk!

Hei! Ville berre takke for hjelpa på m.a. Xbox-artikkelen! --Silver Stone (diskusjon) 11. august 2012 kl. 10:54 (CEST)

Kategorifjerning

Syns du tek deg vel mange fridomar med tanke på kva kategoriar det "ikkje er bruk for". --Frokor (diskusjon) 16. august 2012 kl. 16:53 (CEST)

    Ja, kanskje det. Det er fint om du òg ser litt på dette. Men det er/var mange svært like kategoriar, som gjer det vanskeleg å finna fram. Når det gjeld Industri og Føretak, til dømes, burde det vore rydda litt, men eg veit ikkje kva som er den beste strukturen. Eg får halda meg nest mulig til elektrofag, som eg har oversikt over. --Sigmundg (diskusjon) 16. august 2012 kl. 16:59 (CEST)
      Ja du har nok rett i det. Det har sikkert vorte oppretta mange parallelle kategoritre. Eg tenkte eigentleg mest på teknikk og teknologi. Minnast at det var ein diskusjon om det for veldig lenge sidan, men eg hugsar ikkje når eller kva som vart sagt. Eg meiner teknikk og teknologi samsvarar til klima og klimatologi, der klimatologi er læra om klima og klima er sjølve skildringa av vêret over tid. Altså at teknologi på ein måte blir læra og teknikken utføringa av teknologien. Gav det noko meining? --Frokor (diskusjon) 16. august 2012 kl. 17:20 (CEST)
        Eeeh.... Tja, men ikkje så mykje. I nynorskordboka er definisjonane for «teknikk» og «teknologi» ikkje så forskjellige, men heller ikkje heilt like. Eg tolkar det som at «ein teknikk» er meir spesifikk enn ein «teknologi», men det er nok noko overlapp. Eg har ingen ting i mot at begge kategoriane finst, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal bruka dei. Er det ikkje slik at ymse fagområde har mange forskjellige teknikar og at dei ulike teknikkane bør ligga under fagfelta der dei høyrer til? Eller høyrest det krunglut ut? Eg er samd med deg i at dette med kategoriar bør diskuterast før ein endrar for mykje, spesielt når det gjeld svært generelle kategoriar som «teknikk» og «teknologi». Ein kategori eg er usikker på er Næringsliv->Industri->Teknologiføretak. Høyer til dømes kategorien Motorkøyretøyprodusentar‎ til der? Når det gjeld «klima» og «klimatologi» er det vel du, som meteorolog (denne artikkelen burde vel utvidast forresten?) som har best oversikt. Eg har det ikkje. --Sigmundg (diskusjon) 16. august 2012 kl. 17:41 (CEST)

Stopp en hal

Sjå Kategoridiskusjon:Analoge lagringsmedium for lyd. Njardarlogar (ordskifte) 5. september 2012 kl. 18:28 (CEST)

Å, da har eg misforstått. Får flytta attende. --Sigmundg (diskusjon) 5. september 2012 kl. 18:41 (CEST)

Gated reverb

Hei. Veit du kva det engelske ordet gated i elektronikk/lyd-samanheng vert på norsk? Som i «gated reverb»? I ordboka mi står gated som «portstyrt». «Portstyrt klang»? Effekten vart mest brukt på trommer, helst på 80-talet. --Frokor (diskusjon) 20. september 2012 kl. 19:05 (CEST)

    Tja, eg er ikkje så godt kjent med denne typen utstyr, men eg har spurt ein som driv med opptak av rytmisk musikk. Han kalla det «geitaklang», men det er nok berre ei fornorsking av det engelske uttrykket «gated reverb». «Reverb» er vel berre ei forkorting for «reverberation» (etterklang). Det er kanskje litt misvisande, men det kjem truleg av at det vart nytta i samband med trommesett plasserte i eit rom med lang etterklangstid (trur eg). Men var det ikkje slik at desse einingane fungerte som ein av/på-brytar, som opnar når signalet på inngangen overstig ein viss verdi? Det vil i så fall verka noko kunstig når bakgrunnstøyen plutseleg forsvinn når trommene (eller eit anna instrument) tagnar. Eg ville, i mangel av eit norsk ord, kalla det «signalstyrt brytar», men det er det truleg ingen av dei som nytta slikt utstyr som er samd i. Vi er vel i same situasjon som «off-shore», som folk i oljeindustrien ikkje kallar «utaskjers». No har eg i alle fall skrive mange ord, utan å svara på spørsmålet ditt. Det er ein kjent taktikk når ein ikkje veit svaret på eit spørsmål. Så det skal verta spanande å sjå kva ord du bestemmer det for. --Sigmundg (diskusjon) 21. september 2012 kl. 20:58 (CEST)

Namn i Antarktis

Artikkelen er ikkje oppretta på nynorsk enno, men du kan lese her om kvifor artikkelnamna ikkje bør endrast. Har følgd denne så godt det lar seg gjere, men er ikkje alltid like enkelt. --Frokor (diskusjon) 17. juli 2013 kl. 12:22 (CEST)

    For meg ser namn som «Victoria Land» og «Dronning Maud Land» ut som orddelingsfeil, på same måte som «Grøn Land» og «Neder Land» ville vera det. Men om Den vitenskapelige komite for antarktisforskning har bestemt at det skal skrivast slik er det vel ikkje så mykje å gjera med? Det er ei kjent sak at om ein set ned ein komite for å laga hest er det stor fare for at ein endar opp med ein kamel. Eg er forresten mykje imponert over alle artiklane dine om Sørislandet. --Sigmundg (diskusjon) 17. juli 2013 kl. 12:59 (CEST)

Heavy vehicle articles

Hi Sigmundg. I noticed you have written articles about heavy vehicles. I have written articles about Sisu models and other related topics in English Wikipedia by using original sources. If you like to translate any of them in Norwegian you can ask me to add the sources to your translations (I think I can understand Norwegian well enough by using Google Translate). Here they are: Sisu KB-45, Sisu KB-46, Sisu A-45, Sisu SA-150, Sisu SA-240, Sisu SA-110, Sisu RA-140 DS, Sisu KB-112, Sisu K-44, Tor Nessling, SWS, Vanajan Autotehdas, Veikko Muronen. (For example Sisu K-50SS and Erik Gillberg I will still have to improve.)

Just let me know if you are interested in the idea. --Gwafton (diskusjon) 24. september 2013 kl. 12:07 (CEST)

    Thank you for the offer. I see from your sources that you read Finish, which obviously is very useful when writing articles about Sisu. I am not so sure it is a good idea that somebody else adds references to an article. The person writing the article needs to be able to read the references, otherwise he is not able to write the article the first place. I would never refer to an article that I have not read myself and I think it is bad practice to do so. Unfortunately is is all too common on Wiki Nynorsk. I am not entirely against translating articles and I have sometimes done just that. But I do not include references that I am not able to read.
    However, I agree with you that there ought to be more articles about Sisu in Norwegian. I also hope you will continue to write about Finish vehicles in German and English. I will certainly read you articles. --Sigmundg (diskusjon) 24. september 2013 kl. 14:18 (CEST)
      Thank you for your interest on the articles I have written.
      I fail seeing anything wrong at adding the references after into someone else's text. If some article (or part of it) is lacking of sources someone who has got such can add them after without making any changes to the text, if the content matches. If you write the same article in Norwegian, I can understand it well enough by using Google Translate (from Norwegian to English) because the grammars of both languages are similar enough (moreover, I have got some rusty Swedish knowledge) and add the references accordingly. If I don't understand something, I can always ask you to explain.
      The articles I have written are quite long, I don't know if they would interest a wide audience in Norway, but as far as I know, Sisu is quite widely known vehicle make in Norway (Vanaja is maybe nearly unknown). --Gwafton (diskusjon) 24. september 2013 kl. 17:16 (CEST)

File:Bm350 skog.jpg

Hi. This file has been transfered to Commons. Perhaps you could help us and tell who the photographer is? If it is you perhaps you could make a note here at nn.wiki and on Commons (own)? Thank you. --MGA73 (diskusjon) 15. september 2014 kl. 21:34 (CEST)

Grunngjeving på TMBN

Hei. Eg ser du har uttalt at denne artikkelen er uleksikalsk. Eg lurte på kva setningar, formuleringar eller delar er uleksikalske, slik at ein kan betra dette. Takk. —Brukar:Arntor 5. januar 2015 17:58 (CET)

    Ja, eg burde vel ha spesifisert det. Det er bolken "Kritikk" eg meiner ser rar ut. Eg er ikkje usamd i det som står der, men måten det er skreve på minner litt om ein artikkel i ei tabloidavis. --Sigmundg (diskusjon) 6. januar 2015 kl. 01:18 (CET)

Sletning av 3 filer

Hej. Jeg har foreslået at slette Fil:Hart-Parr 30 med slepetreskar.jpg, Fil:IHC slepetreskar hest.png og Fil:Kullervo tresk 500.jpg. Filerne er rigtig gode, men jeg mener det er svært at bekræfte, at filerne er PD ud fra de givne oplysninger. Du er meget velkommen til at supplere, så filerne kan blive beholdt. --MGA73 (diskusjon) 6. januar 2015 kl. 20:56 (CET)

Fjerning av kategoriar

Hei. Er det nokon grunn til at du fjernar kategoriane eg legg til? — mvh, Gaute snakk - epost - signér 6. mars 2015 kl. 23:51 (CET)

      Eg veit ikkje heilt om eg er einig. Engelskmannen Thomas Newcomen var den første til å bruke stempel, og laga det første apparatet der krafta i dampen kunne brukast for å produsera mekanisk arbeid (...og skotten James Watt patenterte den første praktiske maskinen). Det har heilt klart vore mange som jobba med dette før Newcomen og Watt, men det er nokså vanleg at ein krediterar dei banebrytande delane av arbeidet. Anleggsmaskinar er alle farkostar som deltek i konstruksjonsoppgåver, oftast anleggsarbeid. Dei er kjenneteikna ved at dei brukar ein enkel maskin til å drive tungt og spesialisert arbeid. Ein stammelunnar ville eg rekna som ein anleggsmaskin, og eg visar til at både engelsk, tysk og fransk Wikipedia er einige i dette. Sjølv om den driv skogarbeid, så er det framleis ein anleggsmaskin, og det er også ein skogsmaskin. Eg såg òg at du fjerna Kategori:Grunnleggjande metafysikk frå artikkelen Abstraksjon. Abstraksjon er tvillaust eit grunnleggjande og viktig konsept i metafysikk. Kategoriar kan ikkje alltid representera alle aspekt av ein artikkel, men det er viktig at dei kan føra lesaren vidare til eit høveleg oversyn, utan å vere direkte misvisande. — mvh, Gaute snakk - epost - signér 7. mars 2015 kl. 16:48 (CET)
« A skidder is any type of heavy vehicle used in a logging operation for pulling cut trees out of a forest in a process called “skidding”, in which the logs are transported from the cutting site to a landing.1 »
        Skogbruk er landbruk, som skil seg frå anleggsarbeid. Skipsmotorar er òg store maskinar, men det gjer dei ikkje til anleggsmaskinar. Franskmannen Denis Papin experimenterte med ei primitiv dampmaskin alt i 1690, med det var mange som hadde gjordt ulike ekperiment før det. Det er ikkje så ofte at ein einskild peron finn opp ting. Oftast er det mange som utviklar nye oppfinningar over lang tid. Hydraulikk, for eksempel, vart nytta i antikken i fleire land, og det er ikkje så godt å vita kven som var fyrst ute. Det er mykje villeiande informasjon om kven som fann opp ting, noko som viser at det er viktig å oppgje kjelder. --Sigmundg (diskusjon) 7. mars 2015 kl. 18:46 (CET)

Mellomfrekvens

Prøvde å unngå denne nemninga fordi det er ein mykje brukt definisjon i annan samanheng: SNL: Mellomfrekvens, (radiotekn.), den faste frekvens som det meste av signalforsterkningen er bundet til i mottagere basert på superheterodynprinsippet. Se radio.

Sletting

Dersom du vil at ein artikkel skal slettast, kan du setja inn slettemerke utan å ta ut heile innhaldet, slik at andre har sjansen til å sjå og bedømma det. Spesifikk kritikk er også betre enn å seia at noko er fullt av feil. --Ranveig (diskusjon) 17. august 2019 kl. 13:27 (CEST)

"e-kjeltring"

"e-kjeltring".Finst ein wiki-notabel kjelde på det ordet? (Eg så ikkje noko på nettsøk.) Helsing Sju hav (diskusjon) 7. mars 2020 kl. 17:39 (CET)

    Jau da, det finst: ein stor statleg institusjon har nytta "E-kjeltringane blir farligare" som overskift på ein intern artikkel. Men meldinga er førebels berre synleg internt, så eg vil ikkje kopiera frå artikkelen. Men det er ikkje umuleg at han vert ålment tilgjengeleg etter kvart. Sigmundg (diskusjon)

Eit kvinnenamn

Sjå Diskusjon:Ragnhild. (Fint også om du signerar - med fire stykk "~".) Helsing Sju hav (diskusjon) 1. mai 2020 kl. 12:53 (CEST)

Landbruk

Takk for innlegg om (landbruk,) Møkkakjellar. Sju hav (diskusjon) 5. juni 2020 kl. 18:43 (CEST)

småtteri?

gangspel

artikkelen bør kanskje ha eit avsnitt som heit_r "Forhalingsvinsj", og eit avsnitt som heit_r "Gangspel". Kva/ hva synes du? Sju hav (diskusjon) 7. juni 2020 kl. 16:22 (CEST)

    Eg er ingen ekspert på dette, så eg veit ikkje kva som er best. Vinsj (frå winch) er vel opphavleg eit engelsk ord, medan «spel» kjem frå lågtysk. På norsk vert vinsj ofte nytta om elektrisk, mekanisk og hydraulisk drivne spel, men eg veit ikkje om dette alltid stemmer. Det kan vera at vinsj kom inn i språket om lag samstundes med at ein tok til å driva spela med motor, med eg er ikkje sikker på dette. Sigmundg (diskusjon) 7. juni 2020 kl. 16:44 (CEST)
    Drit i ordsoga inntil vidare, for å si det på fransk. Forslag/framlegg: Skriv avsnittet "Gangspel", som eit av dei siste avsnitta i artikkelen. Skriv det du (trur og det du) veit, og så finnar vi evt. referansane etterkvart, kan ein kanskje seie. Kva synst du? (Overlapp av tema, bør ikkje vere tema i "Gangspel"-avsnittet.) Helsing Sju hav (diskusjon) 7. juni 2020 kl. 17:05 (CEST)

Sjå "randomisert ...". Takk.

Hei! Vennlegst sjå "Randomisert kontrollstudie".
(For øvrig kan den artikkelen, få tittelen endra til ein "ordentleg/ 100%" nynorsk-tittel, for min del. (Omdirigeringer bør kunne funke for alle dei namna som ikkje blir valgt/ vald som tittel. (Du har nok hatt rett i sirka alt som er blitt sagt om artikkelen; Eg reknar med at din argumentasjon til ein-eller-annan nynorsk-tittel, holder for meg. Håper eg ikkje bryt nokon wikipedia-retningslinje ved å skrive ned mitt noverande synspunkt.) Helsing Sju hav (diskusjon) 3. august 2020 kl. 20:16 (CEST)

    Etter mi meining er det framleis alt for mykje engelsk i artikkelen, spesielt i figuren. Dett ville vera betre å ikkje ha nokon figur fram til nokon lagar ein på norsk. Det bør heller ikkje vera naudsynt å fortelja lesaren kva ting heiter på engelsk. Om dei vil vita det kan dei berre klikk på den engelske artikkelen i margen. Sigmundg (diskusjon) 3. august 2020 kl. 20:26 (CEST)
      For å ta det (diskutabelt) viktigste først: Hva ville du kanskje kalt artikkelen på nynorsk, hvis du hadde blitt spurt om det i en uformell samanhang?
      "Studie med tilfeldig ..., og med kontrollgruppe"?
      Ovanfor står no eit (upresist) eksempel, på ein (slags) nynorsk-tittel som artikkelen godt mulig bør få. Har du noko forslag på tittel, som er presist (eller "presist nok"), og på nynorsk? Helsing Sju hav (diskusjon) 3. august 2020 kl. 21:05 (CEST)
        Så vidt eg veit finst det ikkje noko godt norsk ord som svarar til «randomised». Ein kunne kanskje skriva «Studie med tilfeldig utval og kontrollgruppe», men det er noko langtekkjeleg. «Randomisert» vert av og til nytta på norsk òg, så kanskje dette framandordet er på veg inn i norsk? Det er vel Språkrådet som avgjer om ofte nytta framandord skal godkjennast, men eg finn ikkje «random» i nynorskordboka. Sigmundg (diskusjon) 3. august 2020 kl. 22:18 (CEST)

Diskusjonen er no flytta til [2]. Takk! Helsing Sju hav (diskusjon) 3. august 2020 kl. 23:06 (CEST)

We sent you an e-mail

Hello Sigmundg,

Really sorry for the inconvenience. This is a gentle note to request that you check your email. We sent you a message titled "The Community Insights survey is coming!". If you have questions, email [email protected].

You can see my explanation here.

MediaWiki message delivery (diskusjon) 25. september 2020 kl. 20:53 (CEST)

Tags:

Sigmundg Administrator?Sigmundg Mal:KjelderSigmundg TemasidaSigmundg Manglande traktor-figur?Sigmundg Høgnorsk og interwikiSigmundg Fysikk-pedant?Sigmundg FleirtydigssiderSigmundg VeghøvelSigmundg MaskinSigmundg To GwyonbachSigmundg Det første krosstogetSigmundg Hestekrefter til sjøs?Sigmundg GlødehodemotorSigmundg KjettingSigmundg Etterkjølar eller ladeluftkjølar?Sigmundg 19,5 mSigmundg ItacaSigmundg VassjetSigmundg BilarSigmundg Tekniske omgrepSigmundg LisensSigmundg BrukarrettleiingarSigmundg Takk!Sigmundg KategorifjerningSigmundg Stopp en halSigmundg Gated reverbSigmundg Namn i AntarktisSigmundg Heavy vehicle articlesSigmundg File:Bm350 skog.jpgSigmundg Grunngjeving på TMBNSigmundg Sletning av 3 filerSigmundg Fjerning av kategoriarSigmundg MellomfrekvensSigmundg SlettingSigmundg e-kjeltringSigmundg Eit kvinnenamnSigmundg LandbrukSigmundg småtteri?Sigmundg gangspelSigmundg Sjå randomisert .... Takk.Sigmundg We sent you an e-mailSigmundg

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Ukrainsk matÅlesundPippi LangstrømpeInga frå VarteigDigital object identifierTandemboggiEuropeisk geografiByar i HellasAndDaniela SilivașNasjonaldraktAsbjørnsen og MoeAustraliaEnsembleNew York byOlivia RodrigoNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973RusslandDen amerikanske grunnlovenTurbanRaudstrupeTønsberg kommuneIltalehtiOdinRSSGud signe maten på vårt bordHeinoHaram kommuneResettNikita KhrusjtsjovKaspihavetRomanian born french cryptologistSpaniaDag HammarskjöldJordskorpeplateFrankrikeØyvind AlsakerIP-adresse19. aprilAndre pinsedagPiscoCelsiusHermeneutikkFilmmanusRubjerg Knude FyrCarl I. HagenBrusselTrepunktsopphengJordaOlga KorbutSøppelBlue MoonJødedommenRegnskogen i AmazonasSwire SeabedØrsta kommuneAxetelNordmannenKommunismeHaakon Magnus av NoregEx-utstyrDurraStilarkAsker TurlagNamnedagChristianiaPlaneten JupiterRudolf BlodstrupmoenYL-gruppeÞingvellirTorskSvart kattDet Bergenske DampskibsselskabCC AmfiSkognSzilveszter Csollány🡆 More