Bodega Frå Skottland

Bodega var ei skotsk musikkgruppe basert i Glasgow som blei skipa i mars 2005.

Medlemmane møtte kvarandre medan dei studerte saman ved det nasjonale senteret for tradisjonsmusikk i Plockton i Skotland. Gruppa blei opphavleg kalla Fiddle Dee Fiddle Dum. Ho blei oppløyst i slutten av 2011, på grunn av dei ulike musikalske banane til medlemmane.

Bodega Frå Skottland
Bodega på scenen i Ohio i 2008.

Medlemmar

Gruppa hadde fem medlemmar:

  • Gillian Chalmers (frå Fraserburgh), border pipes, low fiddle og fele
  • Ross Couper (frå Shetland), fele
  • Tia Files (frå Oban), akustisk stålstrengsgitar, bassgitar, skarptromme, djembe og vokal
  • Norrie MacIver (frå Carloway på Isle of Lewis), hovudvokal, akkordeon, stålstrengsgitar og djembe
  • June Naylor (Øya Skye), tarmstreng-harpe

Sandie Forbes (fele og vokal) var ein sjette medlem av gruppa fram til 2006. Alle medlemmane av gruppa var fødd kring 1987-1989.

Karriere

Gruppa opptredde på festivalen Celtic Connections i to år på rad, og spelte òg på store festivalar som The Shetland Folk Festival og HebCelt Fest.

Ho framførte tradisjonell skotsk og irsk musikk, og dessutan nytt materiale komponert av medlemmene, som kombinerte improvisasjon og eklektiske innflyttar frå jazz, rock, funk og andre ikkje-tradisjonelle sjangrar. Ho spelte òg amerikansk repertoar, som «Wagon Wheel» av Bob Dylan. Hovudsongaren Norrie MacIver syng både på skotsk-gælisk (inkludert waulking-songar og puirt à beul) og engelsk.

I slutten av 2005 vann gruppa BBC Radio 2 Young Folk Award i 2006. Ho turnerte i Europa og USA fleire gonger.

Diskografi

  • 2006 - Bodega (Greentrax)
  • 2008 - Under the Counter (Greentrax)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Bodega Frå Skottland MedlemmarBodega Frå Skottland KarriereBodega Frå Skottland DiskografiBodega Frå Skottland KjelderBodega Frå Skottland BakgrunnsstoffBodega Frå SkottlandGlasgowSkotsk musikk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bjarte TjøstheimSovjetunionenAli Baba og dei førti røvaraneSverre WilbergRussell CroweJon FosseEncores av Dire StraitsCanterbury sceneValdresTsjekkiaKristina av SverigeEinar TambarskjelveFolkerepublikken KinaLa BambaKommunevåpen i NoregIndre KvarøyBrjansk oblastAdenbuktaKristian ØdegårdPeter Wessel TordenskjoldEurovision Song Contest 1985RhinenSionistThe Daily TelegraphOckham sin barberknivFirkantfolketØFlash Gordon av QueenErteblomefamilienÅrhusHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorPumaJerusalemAfghanistanKirsten Bråten BergAnkara1993Renée ZellwegerSpeleautomatVólviSteven WeinbergArve OpsahlMarina OvsiannikovaElvdalskÆrfuglDet britiske kongehusetLeksikonGresk MakedoniaLillaPåskeopprøret i 1916KielkanalenA Whiter Shade of PaleGallo pintoSkýdraNorskehavetEuropaGolden HeartBlackbirdÉdessa i HellasHarry PotterJohn KasichGet Lucky av Mark KnopflerDen apostoliske truvedkjenningaTalteoriReinSang til BergenRudolf MössbauerHeimehjelpOslo kommuneI Fought the LawBrahmaputraFotball-VM 1982MarianegropaEgil Østenstad🡆 More