Djembe

Djembe er ei vestafrikansk tromme, eit musikkinstrument innanfor perkusjonsinstrumentsfamilien.

Djembe
Djembe
Klassifiseringmembranofon, tromme
Hornbostel-Sachs klassifisering211.261.1
Døme

Trommene har typisk ein diameter på 30–38 cm (og ei høgd på 58–63 cm. Dei kan vega frå 5 kg til 13 kg. Kroppen er laga av tre og skinnet er gjerne av geit med håra skrapa av. Kroppen består av to hovudformer, der den øvste delen er større enn den nedste.

Ein kan spela på instrumentet sitjande på ein stol eller liknande, eller ved å sitja overskrevs med tromma liggande på bakken og skinnet peikande framover. Ein speler berre med hendene og nyttar i hovudsak tre forskjellige slag:

  • Med flat hand på midten av skinnet (kalla «gung»).
  • Med dei to ytste ledda på fingrane med fingrane samla mot den ytste delen av skinnet (handflata treff kanten på tromma der tromma er nærast den som speler, kalla «gå»/«då»).
  • Med ringe- og langfinger som blir slått/«kasta» sideveges mot kanten av tromma på høgre eller venstre side (opne fingrar bortsett frå ring- og langfinger som blir haldne saman, slaget treff tromma med den sida av ringfingeren som vender mot lillefingeren, kalla «pa»/«ta»).

Djembe har ein uvanleg sterk lyd i høve til storleiken. Lydstyrken aukar når ein strammar trommeskinnet. Dyktige spelarar kan oppnå lydstyrke på over 105 dB, omtrent same volum som eit trykkluftsbor.

Tradisjonelt blir tromma spelt av menn, og det same gjeld dunun-trommer som gjerne blir brukt til å akkompagnera djembe. Kvinner speler derimot gjerne på ryteminstrument som shekere (kalebass med perlenett), karignan (røyrbjølle) og kese kese (voven korgrangle) som del av ensemble.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Djembe  Commons har multimedium som gjeld: Djembe

Tags:

MusikkinstrumentPerkusjonTrommeVest-Afrika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HollandWikimediaLynni TreekremAnkerløkken VerftDonald TrumpSolveig GulbrandsenBronseAustlia i BergenFlammepunktMargrethe II av DanmarkPaul YoungAsker kommuneMarie Sneve MartinussenOlav V av NoregMoesgård MuseumGulNynorsk WikipediaAsbjørnsen og MoeDen store depresjonenForbundsrepublikkJantelovenJa, vi elsker dette landetFemundenEMount St. HelensOle Kristian FurusethTower of PowerSosialismeBarnefødselKyprosNamibiaABBALineariseringKroatiaUlrikstunnelenKvitveisKabaKomaMistralvindDet indiske kastesystemetIne Marie Eriksen SøreideNanoteknologiGeorg V av StorbritanniaNidarosdomenSauUnicornTrykkOle Martin ÅrstVictoria av StorbritanniaDag SolstadGeir KarlstadBergen GroupMount EverestEx-utstyrStore norske leksikonSosialistisk VenstrepartiIf I Were SorryIsraelVulkanBrennverdiVoss heradCalisotaUndertaleAskKopplamKjerringa med stavenBybanen i BergenVassreservoarNorsk fonologiBirger EriksenArtemisSnøleopard🡆 More