Bill Koch, fullt namn Willam Conrad Koch, (fødd 7.
juni">7. juni 1955) er ein USA-amerikansk tidlegare langrennsløpar som vann verdscupen i langrenn 1982, og tok OL-sølv på 30 km i 1976 og VM-bronse på same distansen i 1982. Koch vert hugsa som utøvaren som tok i bruk einfots-skøyting. Han er frå Brattleboro i delstaten Vermont.
Bill Koch | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 7. juni 1955 (68 år) Brattleboro (Vermont) |
Idrett | langrenn, kombinert |
Tok del i | cross-country skiing at the 1976 Winter Olympics, cross-country skiing at the 1980 Winter Olympics, Nordiske greiner under vinter-OL 1984, langrenn under Vinter-OL 1992, Ski-VM 1982 |
Koch endra langrenn som idrett då han viste at einfots-skøyting lønte seg under visse tilhøve. Under Vinter-OL 1976 overraska han stort då han vann sølvmedaljen på opningsdistansen 30 km langrenn under vinterleikane i Seefeld, og sidan vart sjettemann på 15 km.
Dei neste åra nådde Koch heller sjeldan opp mot toppen av resultatlistene. Gjennom 1982-sesongen vann han derimot fire av dei ti renna i verdscupen, noko som gav han sigeren i verdscupen i langrenn 1982. Dessutan sikra han seg bronsemedaljen på 30 km under Ski-VM i Oslo. Også i 1983-sesongen prega Koch verdscuptevlingane med andreplass i Reit im Winkl, siger på tremila under prøve-OL i Sarajevo og ein tredjeplass i Anchorage, og dermed enda som tredjemann i verdscupen 1983.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bill Koch, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.