Australsk Antarktis (AAT; Australian Antarctic Territory) er ein del av Antarktis.
Storbritannia gjorde krav på området og sette det under styret til Australia i 1933. Det er det største kravområdet. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 4 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller oppretter ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.
Australsk Antarktis | |||
territorium | |||
| |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Mirnyj | ||
Australsk Antarktis 75°00′S 102°30′E / 75°S 102.5°E | |||
| |||
Wiki Commons: Australian Antarctic Territory | |||
Australsk Antarktis består av alle øyane og landområda sør for 60°S og mellom 45°E og 160°E, utanom Adélie Land (136°E til 142°E), som deler området inn i Vestleg Australsk Antarktis (den største delen) og Austleg Australsk Antarktis. Det grensar til Dronning Maud Land i vest og til Ross Dependency i aust. Arealet er estimert til 5 896 500 km².
Området er busett av besetninga på forskingsstasjonane. Australian Antarctic Division administrerer området hovudsakleg ved å halde tre stasjonar (Mawson, Davis og Casey) opne året rundt for forskjellige forskingsprosjekt.
Territoriet er delt inn i ni distrikt, som frå vest til aust er:
Nr. | Distrikt | Areal (km²) | Vestleg grense | Austleg grense |
---|---|---|---|---|
1 | Enderby Land | 045° E | 056°25' E | |
2 | Kemp Land | 056°25' E | 059°34' E | |
3 | Mac. Robertson Land | 059°34' E | 072°35' E | |
4 | Princess Elizabeth Land | 072°35' E | 087°43' E | |
5 | Kaiser Wilhelm II Land | 087°43' E | 091°54' E | |
6 | Queen Mary Land | 091°54' E | 100°30' E | |
7 | Wilkes Land | 2 600 000 | 100°30' E | 136°11' E |
8 | George V Land | 142°02' E | 153°45' E | |
9 | Oates Land | 153°45' E | 160°00' E |
Dei territoriale farvatna i Australsk Antarktis er internasjonalt farvatn og strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten av Antarktis.
Aktive og nedlagde stasjonar i territoriet, frå vest til aust:
Storbritannia gjorde først krav på Victoria Land den 9. januar 1841 og så på Enderby Land i 1930. I 1933 gjorde ein kongeleg resolusjon at området sør for 60° S og mellom lengdegradane 160° E og 45° E vart overført til Australia.
Grensene til Adélie Land vart fastsett i 1938. I 1947 overførte Storbritannia Heard- og McDonaldøyane til territoriet. Den 13. februar 1954, vart Mawson Station oppretta som den første australske stasjonen på kontinentet.
Australia sitt krav om statsvelde over Australsk Antarktis er anerkjent av Storbritannia, New Zealand, Frankrike og Noreg. Japan anerkjenner ikkje dette kravet, og heller ikkje det australske kravet om territorialfarvatna der japanske skip driv kvalfangst.
Dei siste 20 åra har Australia vore i ein debatt om ein skal tillate gruvedrift på det mineralrike kontinentet. Fleire forslag har vorte lagt fram, men alle har vorte avslått.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Australsk Antarktis, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.