Asker Trekkhundklubb

Asker Trekkhundklubb (ATK) er ein hundekøyringsklubb frå Asker som høyrer inn under Akershus Hundekøyrarkrets.

Asker Trekkhundklubb bruker opphavleg Vorstehhundar i tevlingar, men ein kan bruke dei fleste rasar.

Asker Trekkhundklubb
Askerhytta
Asker Trekkhundklubb
Pulkkøyring

Asker trekkhundklubb blei stifta i 1946 av lokale hundekøyrarar i tilknyting til Norsk Trekkhundklubb og Asker Skiklubb. Nokre av stiftarane dreiv med motstandsarbeid under den andre verdskrigen, der dei mellom anna tok imot flyslepp med containerar med våpen og utstyr i Vestmarka. Etter krigen heldt dei fram med ambulansekøyring ved hjelp av trespannsleiar.

Tevlingsstilen ATK satsar hovudsakleg på, er nordisk stil. Det tyder at hunden trekkjer ein pulk og løparen i eit tau. Samstundes går løparen på langrennski (skøyting) bak pulken og hunden. I rekruttgruppa startar ein med snørekøyring. Der dreg hunden køyraren som bruker ski, men dei har eit snøre seg i mellom.

Asker Trekkhundklubb har fått fram løparar nasjonalt og internasjonalt. Klubben eig ei hytte i Vestmarka, som vert kalla Askerhytta.

Medlemskap

Ved årsskiftet 2006/2007 hadde klubben 216 medlemmer, der heile 41 deltok aktivt i løp i sesongen. Klubben driv eit aktivt barne- og ungdomsarbeid og har treningar og aktivitetar heile året.

Økonomi

Ein vesentleg del av inntektene til klubben kjem frå drifta av kiosk og parkering på Sjøstrand bad. Dei har i ei årrekkje hatt avtale med eigaren, Asker kommune, om denne ordninga. Takka vere denne avtalen og hjelp frå medlemmer, kan «ATK» arrangere renn og samlingar. Dei har mellom anna arrangert det tradisjonelle «Askerløpet», NM i 2006 og EM/NM i 2007Skåbu i Nord-Fron (saman med idrettslaget STEIL).

Bakgrunnsstoff

Tags:

AskerHundekøyring

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Trude DrevlandSverre Magnus av NoregØya KarmøyLitauenAmitav GhoshDentalMarit BjørgenNord-IrlandNaruhito av JapanMinneapolisLikningCoca-ColaSjivaVoilà av Barbara PraviHeradDjengis khanMount EverestSandsøyaTsjetsjeniaMicrosoft WindowsSofia av SverigeAndre verdskrigen27-årsklubbenGarden KatthultAbSekkenPersiskHenrik IbsenSax-a-boomMickey RaphaelLyonBrennverdiMorfinSiamMesopotamiaLe Corbusierdqgy5Sørfold kommuneHøgaste fjell i EuropaDet skeive tårnet i PisaIsraelKleopatraLCiceroYatzyA4Holmenkollrennet 1975ValladolidLinda MedalenLundefuglRobbie WilliamsAn-MagrittSkjørbuksurtSnømyrkreFrihetens regnLouis PasteurSnap av Rosa LinnTysdagDanmarkBilbaoDet norske alfabetetOpplettMetanolEuropaKjærleikKopparTiticacaSverigeÅl kommuneAstatTorremolinosMax ManusSør-KoreaMidsommar🡆 More