Arnold Bode (20.
desember">20. desember 1900–3. oktober 1977) var ein tysk kunstmålar, arkitekt, formgjevar og kurator som er namngjeten for å ha skipa documenta, den store og internasjonalt viktige mønstringa av samtidskunst som går føre seg i Kassel i Tyskland kvart femte år.
Arnold Bode | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 23. desember 1900 Kassel |
Død | 3. oktober 1977 (76 år) |
Yrke | kunstmålar, universitetslærar, arkitekt, lærar, kurator, designar, kurator |
Språk | tysk |
Politisk parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands |
Arnold Bode på Commons |
Arnold Bode vart fødd i Kassel. I 1919 tok han til med studium i måleri og grafikk på akademiet i Kassel som elev av målarane Kurt Witte og Ewald Dülberg, og avla i 1924 den statlege eksamenen som teiknelærar. Han studerte i Berlin og Paris i 1925. Etter å ha vore engasjert i organiseringa av dei internasjonale utstillingane i Orangerie Kassel (1922, 1925 og 1927), flytta han i 1928 til Berlin, og arbeidde som kunstmålar og som lærar. Saman med si hustru, Marie Louise, kom han inn i krinsen av kunstnarar og forfattarar kring Bertolt Brecht og Teo Otto (Theo Otto). Men i 1933 vart han tvungen til å reise frå byen etter at dei nazistiske styresmaktene hadde nekta han å utøve yrket sitt under det forbodet mot entarteten Kunst («den degenererte kunsten») som rei Tyskland som ei mare i dei tidene.
I byrjinga av den andre verdskrigen vart Arnold Bode innkalla som soldat, men unngjekk aktiv soldatteneste ved å ta på seg oppdrag som målar og mellom anna utsmykke offisersheimar med veggmåleri. Han kunne flytte til Alsace i Aust-Frankrike, der kvardagen var friare, og fekk der høve til å vitje ymse kunstutstillingar, mellom anna utstillingar med kunst av Pablo Picasso. Tida i Alsace kom til å prege Arnold Bode mykje, og det var her han fekk ideane og la planane til documenta.
I 1945 reise familien Bode attende til Kassel. Her skipa han i 1955 den fyrste documenta-utstillinga, som uventa vart ein stor suksess. Utstillinga gav eit breitt oversyn over kunsten i det 20. hundreåret, og utmerka seg ved at store areal vart teke i bruk for å kunne presentere verka på eit nytt vis. Arnold Bode var òg leiaren for dei tre neste documenta-utstillingane, som snøgt hadde etablert seg som ei viktige mønstring av internasjonal samtidskunst, og framleis har ei framifrå posisjon i kunstverda, omtala som «museum på 100 dagar».
Arnold Bode fekk i 1974 den tyske utmerkinga großes Verdienstkreuz (det vil seie ein av gradane av Verdienstorden der Bundesrepublik Deutschland, Forbundsrepublikken Tysklands fortenestorden.)
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arnold Bode, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.