Argentina Menis (19.
juli">19. juli 1948–3. mars 2023) var ein rumensk diskoskastar frå Dolj fylke. Ho vann sølvmedaljen i øvinga ved Sommar-OL 1972 i München og i EM 1974. To veker etter dei olympiske leikane i München sette ho verdsrekord med eit kast på 67,32 meter.
Argentina Menis | |
Statsborgarskap | Romania |
Fødd | 19. juli 1948 Cernele |
Død | |
Idrett | friidrett |
Tok del i | EM i friidrett 1971, athletics at the 1972 Summer Olympics – women's discus throw, athletics at the 1976 Summer Olympics – women's discus throw, Sommeruniversiaden 1973, Sommeruniversiaden 1975, EM i friidrett 1978 |
Menis melde seg på i verdstoppen i diskoskasting i 1971-sesongen. Ho sette personbeste med 61,08 meter og med eit kast på 59,04 m kom ho på fjerdeplass ved europameisterskapen i Helsinki. Året etter var ho med i ein minneverdig duell om gullmedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i München. I OL-finalen opna Menis med 64,28 m og ny olympisk rekord. I den fjerde omgangen auka ho til 65,06 m. Men verdsrekordhaldar Faina Melnik frå Sovjetunionen druste til med 66,62 meter og sikra seg gullmedaljen. Den 23. september 1972 sletta Menis verdsrekorden til Melnik då ho slengde diskosen 67,32 meter i Constanta. Åtte månader seinare tok Melnik verdsrekorden tilbake.
Både ved universiaden 1973 i Moskva og under europameisterskapen 1974 i Roma enda Menis opp på andreplass, begge gongane slått av Faina Melnik. Også ved universiaden 1975 i Roma vart Menis nummer to, ved det høvet overgått av Marija Vergova frå Bulgaria. Med eit kast på 67,96 meter sette Menis den 15. mai 1976 i Bucuresti sin tiande og siste landsrekord. Under sommarleikane i Montreal same sommaren måtte ho ta til takke med sjetteplass, trass i gode 65,38 m. Ho opp i 1979.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Argentina Menis, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.