Adjágas var ei samisk musikkgruppe frå Noreg som var verksam frå 2004 til 2014.
Adjágas er namnet på tistanden mellom å vera vaken og søvn. Gruppa blanda joik med moderne sjangrar som elektronika, indierock og ambient.
Adjágas | |||
Adjágas på samefolkets dag i 2012 | |||
Opphav | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2004-2014 | ||
Sjanger | joik, indierock, elektronika, ambient, verdsmusikk | ||
Plateselskap | Trust Me, Ever Records | ||
Siste medlemmer | Sara Marielle Gaup Lawra Somby |
Adjagas vart danna i 2004 av Lawra Somby og Sara Marielle Gaup. Allereie året etter oppstarten varma dei opp for Kaizers Orchestra på preikestolen under by:larm, vart invitert til å opne Glastonbury-festivalen, joika under Mandela-konserten i Trondheim og spela på Oslo World Music Festival. På grunn av regn fekk dei ikkje spela på Glastonbury det året likevel.
Debutalbumet Adjágas vart gjeve ut 21. november 2005 med Paal Fagerheim og Juhani Silvola på gitar og Timo Silvola på perkusjon.
I 2007 kom dei attende til Glastonbury og opna festivalen, der kjente artistar som Arctic Monkeys, Amy Winehouse og Bloc Party også spela.
Andrealbumet Mánu Rávdnji, som tyder månestraum, vart gjeve ut sist i 2009. Albumet vart godt motteke og fekk terningkast fem i mange norske avisar. I 2010 spela dei ved OL i Vancouver og året etter var dei på turné i USA.
Bandet ga seg i 2014, men medlemene fortset å drive med musikk.
Songen deira «Ozan» vart framført av Ella Marie Hætta Isaksen på Stjernekamp 2018 på NRK som finalelåt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Adjágas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.