Vestnordisk Råd (færøysk Útnorðurráðið, islandsk Vestnorræna ráðið, grønlandsk Nunat Avannarliit Killiit Siunnersuisoqatigiiffiat) er eit parlamentarisk samarbeidsorgan i Vest-Norden, altså Island, Grønland og Færøyane.
Det har som føremål å samarbeida om vestnordiske interesser, og å gå saman om å verna ressurar og kultur frå Nordatlanteren. Rådet samarbeider tett med Nordisk råd.
Vestnordisk råd byrja som Vest-Nordens parlamentariske samarbeidsråd i 1985, og fekk det noverende namnet sitt i 1997. Årsmøta blir haldne vekselvis i dei tre medlemslanda. Rådet er leia av presidentskapet, som består av formannen og ein nestformann frå kvar av dei to andre delegasjonane. Formannskapet i rådet vekslar mellom medlemslanda.
Vestnordisk Råd held møter og konferansar, og går inn i prosjekt det reknar for viktige i høve til arbeidsfeltet sitt. Det markerer vestnordisk dag årleg den 23. september.
I 1999 bestemte Vestnordisk Råd seg for å oppretta ein litteraturpris for barne- og ungdomslitteratur frå vestnordiske land. Prisen blei utdelt første gong i august 2002, og heiter på dansk Vestnordisk Råds Børne- og Ungdomslitteraturpris.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vestnordisk Råd, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.