Zittau er ein by i Sachsen i Tyskland, nær landegrensa mot så vel Polen som Tsjekkia.
Byen, som ligg 242 meter over havet ved elva Neisse, har 24 500 ibuarar og eit flatemål på 66,8 km².
Zittau | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Areal | 66,75 km² | ||
Folketal | 24 794 (31. desember 2022) | ||
Zittau 50°53′46″N 14°48′26″E / 50.896111111111°N 14.807222222222°E | |||
Wiki Commons: Zittau | |||
Bomullsindustri, maskin-fabrikasjon og framstilling av kjemikaliar er viktige næringar i Zittau. Byen er elles eit jarnbane- og vegknutepunkt.
Fleire kyrkjer er frå 1300-talet. Heile gamlebyen med mange renessanse-, barokk- og rokokko-bygningar er freda kulturminne.
Kong Ottokar II av Böhmen gav staden byprivilegium i 1255.
Skirennarane Matthias Buse og René Sommerfeldt er frå Zittau.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Zittau, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.