Vologases V av Partia herska over Partarriket frå 191 til 208.
Han var son av Vologases IV. Vologases var også konge av Armenia, då eit romersk lydrike, frå 186 til 198, og er i denne samanheng kjend som Vologases II (armensk Վաղարշ, Vagharsh).
Vologases V av Partia | |||
| |||
Konge av Partia | |||
Periode | 191-208 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 130 | ||
Fødestad | Parthia Satrapy | ||
Død | 208 | ||
Dødsstad | Parthia Satrapy | ||
Far | Vologases IV av Parthia | ||
Barn | Vologases VI av Partia, Artabanes IV av Partia, Rev I of Iberia | ||
Dynasti | Arsakide-dynastiet | ||
Føregangar | Vologases IV | ||
Etterfølgjar | Vologases VI |
Riket til Vologases blei angripe av den romerske keisaren Septimius Severus i 195. Severus rykte inn i Mesopotamia, okkuperte Nusaybin og plyndra den partiske hovudstaden Ktesifon i 199. Han tok mange partarar til fange og selde dei som slavar. Han prøvde også å erobre festningen ved Atra, men lukkast ikkje. I 202 gjenoppretta dei to rika makta, med romarane i kontroll over heile Mesopotamia.
Vologases V døydde i 208 og blei etterfølgd av eldstesonen sin Vologases VI. Ein yngre son, Artabanes IV, gjorde opprør og det braut ut borgarkrig i Partia. Han hadde også to andre søner som blie kongar, Rev I av Kaukasisk Iberia og Khosrov I av Armenia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vologases V av Partia, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.