I samband med markeringa av overgangen til 2000-talet vart det bestemt at fylka og kommunane skulle velje seg ut kvar sin fylkesvise/kommunale tusenårsstad.
Utgangspunktet for Kultur- og kyrkjedepartementet, som står bak idéen om tusenårsstadene, var at det skulle vere ein tusenårsstad i kvart fylke, og at desse skulle vere på plass innan år 2005. Dette skulle også vere ein del av markeringa av hundreårsfeiringa for unionsoppløysninga i 1905.
Målet for fylkestusenårsstadene er å bidra til at anlegg, institusjonar, kulturmiljø, naturområde og liknande av stor historisk, kulturell eller miljømessig verdi blir teke vare på og markerte på ein særskilt måte.
Tusenårsstadene skal ha ei nasjonal, kulturell og miljømessig betydning som peikar ut over det enkelte fylke. Dette målet seier noko om kva som gjer ein stad til tusenårsstad i fylket og kvifor ein ynskjer å gje staden denne statusen.
Retningslinene for å velje stad vart fastsette av Kultur- og kyrkjedepartementet og det blei også gitt statleg støtte til tusenårsstadene. Det var eit vilkår at staden skulle ha noko ved seg som har betydning for heile nasjonen. Slik vil t.d. høvdingsetet Avaldsnes i Rogaland mellom Nordvegen Historiesenter markere Harald Hårfagre si samling av dei mindre høvding- eller kongerika til eit kongedømme. Eidsvoll 1814 - Rikspolitisk senter på Eidsvoll i Akershus vil markere den demokratiske styringsforma i landet. Stader som Avaldsnes, Eidsvoll og Petter Dass-museet på Alstahaug er fylkestusenårsstader nettopp fordi dei peikar ut over det lokalsamfunnet og det fylket kor dei er lokaliserte.
Det var to hovudtiltak som staten la vekt på i sin målsetjing med tusenårsstadene:
Ta vare på ved å sette i stand bygningar og kulturlandskap, oppgradering og gjere staden lett tilgjengeleg for publikum.
Tusenårsstadene skulle også markerast med eit fysisk tiltak, som til dømes ei minneplate, ein skulptur eller ein bygning. Andre markeringar kunne vere aktivitetar og arrangement.
Kommunane vart tildelt 119 500 kroner frå arrangørselskapet Tusenårsskiftet-Norge 2000 AS i økonomisk støtte.
Arrangørselskapet var eit heileigd statsaksjeselskap som hadde som oppgåve å førebu og gjennomføre markeringa av nytt tusenår og hundreårsjubiléet for unionsoppløysninga i 1905.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tusenårsstad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.