Karmøy kommune er ein kommune i Rogaland fylke.
Kommunen grensar i nord til Haugesund. Aust for Førdesfjorden er Tysvær kommune, i sørvest er øykommunen Bokn, i sør Kvitsøy og vest til havs Utsira kommune.
Karmøy kommune | |||
kommune | |||
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Adm.senter | Kopervik | ||
Areal | 229,96 km² | ||
- land | 219,55 km² | ||
- vatn | 10,41 km² | ||
Folketal | 43 306 (1. januar 2024) | ||
Målform | nøytral | ||
Ordførar | Leiv Arne Marhaug (H) | ||
Kommunenr. | 1149 | ||
Karmøy kommune 59°15′N 5°15′E / 59.25°N 5.25°E | |||
| |||
Wiki Commons: Karmøy | |||
Nettstad: www.karmoy.kommune.no | |||
Karmøy kommune vart til i 1965 ved at kommunane Skudenes, Åkra, Kopervik, Stangaland, Torvastad, Skudeneshavn og delar av Avaldsnes vart slegne saman.
Karmøy har tre tettstadar som vert rekna som byar: Kopervik, Skudeneshavn og Åkra.
Karmøy har ein flyplass kalla Haugesund Lufthamn.
Ved Avaldsnes låg Noregs første kongesete. Her hadde Harald Hårfagre sin hovudkongsgard. Avaldsnes er omtalt fleire stader i Snorres kongesagaer. Særleg kjent er historia om Asbjørn Selsbane i Olav han Heilagast saga. Det vart eit dramatisk møte mellom kongen og solahøvdingen Erling Skjalgson.
På Avaldsnes står i dag Avaldsnes kyrkje, som kong Håkon IV av Noreg lét byggje i 1250. Like inntil kyrkjeveggen mot nord og hellande inn mot veggen står Noregs høgaste bautasteinen, kjent som Jomfru Marias Synål. Segna fortel at den dagen toppen av steinen rører kyrkjeveggen, inntreffar dommedag. Kanskje er det eit snev av sanning i påstanden om at munkane i seinmiddelalderen hogg toppen av bautasteinen?
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Karmøy kommune, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.