Torgrim Titlestad

Torgrim Titlestad (fødd 30.

juni">30. juni 1947) er ein norsk historikar og professor emeritus ved Universitetet i Stavanger. Han har skrive fleire bøker om motstandskampen i Noreg under den andre verdskrigen, og biografiar om NKP-leiaren Peder Furubotn. Han var ein av de fyrste vestlege historikarane som fekk tilgang til dei hemmelege Stalin-arkiva i Moskva på tidleg 1990-tal. Han har arbeidd mykje med historie tufta på munnlege kjelder. På slutten av 1980-talet hadde han eit nært samarbeid med den jugoslaviske historikaren Vladimir Dedijer. På 1990-talet var han ei av drivkreftene for europeisk forsking på Stavanger-mannen Cornelius Cruys (Niels Olsen), som bygde opp den russiske krigsflåten på 1700-talet. Seinare har han arbeidd mest med vikingtidshistorie.

Torgrim Titlestad
Fødd30. juni 1947
NasjonalitetNoreg
YrkeHistorikar

Liv

Titlestad vaks opp i Bergen og var elev ved Bergen katedralskole frå 1964 til 1967. Han tok doktorgraden i Bergen i 1996 med ei avhandling om Peder Furubotn.

Virke

Vikingtid

Titlestad har spesialisert seg på vikingtida og Noreg si tidlege historie og er no ein av våre fremste ekspertar på denne perioden. Siden 1990-talet har han gjeve ut fleire sentrale sagaverk som tidlegare ikke har vore tilgjengelige i moderne norsk omsetting. Han er opphavsmann til omgrepet «den konstruktive sagakritikken» som syner til ei rørsle innan sagaforskinga som freistar å bruka sagatekstane som truverdige kjelder.

Han har vore tilknytt forlaget Saga Bok i ei årrekkje.

Tormod Torfæus-stiftelsen

Som prosjektleiar for Tormod Torfæus-stiftelsen leia han ei internasjonal gruppe i arbeidet med å omsette Tormod Torfæus si omfattende noregshistorie frå 1700-talet frå latin til norsk – i alt åtte bind – frå dei eldste tidene fram til 1387. Prosjektet er et av de større innan humanistiske fag og fekk tildelt ti millionar kroner i offentleg og privat støtte. Verket vart lansert ved Nasjonalbiblioteket i april 2008.

Hafrsfjordspela

Titlestad er òg initiativtakar og styreleiar for Stiftelsen Hafrsfjordspillene – ein internasjonal vikingfestival i Stavanger som i 2005 og 2006 hadde rundt 30 000 åskodarar.

Leirubakki

Titlestad har representert Noreg i styret for Lærdomssetet ved Leirubakki på Island.

Prisar og utmerkingar

I 2016 fekk Titlestad Sagaprisen for arbeidet sitt med å omsetja Flatøybok og gjera sagalitteraturen meir tilgjengeleg.

Titlestad vart i 2017 utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen i samband med at den islandske presidenten vitja Noreg.

Bibliografi

    Vikingtid
  • Viking Norway
  • Slaget i Hafrsfjord
  • Vikingkongen Erling Skjalgsson
  • Erling Skjalgsson – Rygenes Konge
  • Norge blir et rike
  • Kampen om Nordvegen
  • Konge mellom jarlar
  • Tormod Torfæus – ei innføring (red)
  • Harald Hårfagre og Norges Tilblivelse (red)
  • Sagakongene 1: Harald Hårfagre (2010)
  • I vikingenes fotspor : en historisk tur-guide til vikingsteder i Sør-Rogaland, Saga bok, 2010. ISBN 9788291640532
  • Norge i vikingtid : våre kulturelle og historiske røtter, Saga bok, 2012. ISBN 9788291640723
  • Sagasyn : Norges historiske kraftlinjer, Saga bok, 2013. ISBN 9788291640747
  • Olav den hellige, Spartacus, 2013. ISBN 9788243005815
  • Slaget i Hafrsfjord, Saga bok, 2017. ISBN 9788291640686
  • Flatøybok. B. 4, Saga bok, 2018. Med Elizabeth Ashman Rowe og Edvard Eikill. ISBN 9788291640860
    Cornelius Cruys
  • Tsarens Admiral
  • Admiral Cornelius Cruys (red)
    Den kalde krigen og anna
  • Peder Furubotn 1895-1945 (1975)
  • I kamp i krig (1977)
  • Stalin midt imot (1977)
  • Folket fortel (1982)
  • I den galna tiå (1987)
  • Stavanger – Norges røde by (1988)
  • I Stalins skygge (Doktor-avhandling) (1997)
  • Fortielsen (1997)
  • Brev til Josef Stalin (2003)
  • Kampen mot diktaturet (2006)
  • Frihetskampen i Norge – og historikerne som sviktet (2010)

Referanser

Tags:

Torgrim Titlestad VirkeTorgrim Titlestad Prisar og utmerkingarTorgrim Titlestad BibliografiTorgrim Titlestad ReferanserTorgrim Titlestad194730. juniDen andre verdskrigenHistorikarNorges Kommunistiske PartiPeder FurubotnProfessor emeritusStalinUniversitetet i Stavanger

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Serious Hits… Live!Rain of RevolutionHunderasarAsker kommuneClaudio LangesSamisk språkhistorieTippbilBjørnstjerne BjørnsonRune BjerkeDen dominikanske republikkenInkarikets fallBergen kommuneRapsoljeMrs. RobinsonEnglandAasmund Olavsson VinjeBritt-Marie lättar sitt hjärtaNorske dialektarFrozenAdei AdJan EgelandEnrico CarusoBritt Karin LarsenJerpeTegan and SaraUrfolkPárgaZevsGrunnstoffliste etter atomnummerHerman WildenveyThe Power to BelieveDet første krosstogetPeloponnesMadman Across the WaterJens BreivikUkrainsk kulturMike PinderSjokoladeKvartalJesusRadioaktiv strålingSpaniaDanmarkCristiano RonaldoSlovenskRundeArian EngebøPeter Wessel TordenskjoldDygdsetikkFramtidsfylketTablCreative CommonsCountryThis Time av Monika Linkytė og Vaidas BaumilaKappløpet om AfrikaNord-KoreaKnut Marius DjupvikIngrid Alexandra av NoregWilkie CollinsURLOne PieceTriTransSkjør astmaSvartehavetNordfjordeidJehovas vitneAnne-Sophie MutterShintoSikyónaSamveldetJordskokkDavid HilbertAleksandr RagulinHappy Human🡆 More