Tegla Loroupe (fødd 9.
mai">9. mai 1973) er ein kenyansk tidlegare langdistanseløpar.
Tegla Loroupe | |
Statsborgarskap | Kenya |
Fødd | 9. mai 1973 (50 år) Kapsait |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Loroupe enda i VM 1993 på fjerdeplassen på 10 000 meter, utan å truge medaljevinnarane. To år seinare tok ho bronsen på distansen under VM i Göteborg. Både i 1997, 1998 og 1999 vart ho verdsmeister i halvmaraton. I 1999 sikra ho seg ein ny VM-bronse på 10 000 meter og flytta samstundes den personlege rekorden til 30.32,0. Året etter vart ho nummer fem i milløpet ved OL 2000 i Sydney.
Perioden 1994-2004 sigra Loroupe i ei rad store maratonløp; New York, Rotterdam, Berlin, Roma, London, Lausanne, Köln og Leipzig. I april 1998 sletta ho den 13 år gamle verdsbestetida til Ingrid Kristiansen i maraton då ho vann Rotterdam maraton på tida 2.20.47, ei rekordtid som gjaldt i vel tre år.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tegla Loroupe, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.