Svigermor

Svigermor eller vermor er mor til den ein er gift med.

Tilhøvet til ei svigermor har vore tema for mange historier og songar, og blir då sjeldan skildra som godt.

Svigermor i kulturen

Det vanskelege tilhøvet til svigermor er ein klisjé som ein finn i vitsar, komediar og eventyr. Dette kjem truleg av at tilhøvet av og til er farga av generasjons- og interessemotsetningar.

I den vestlege verda er det gjerne tilhøvet medan ein svigerson og mora til kona hans som blir skildra — gjerne i samband med vitjingar av eller til svigermora — medan tilhøvet mellom ei kvinne og mor til mannen hennar er viktigast i India, der nygifte par ofte bur saman med foreldra til mannen. I indiske eventyr har ofte svigermor same rolla som den vonde stemora har i europeiske eventyr.

Språk

Det ublide synet på svigermor er spegla i omgrep som «svigermorsete», eit sete i bagasjerommet bak kupeen på eldre bilar, eller «mother-in-law» ('svigermor') om ein hybel eller eit anneks tilknytt, men skild frå hovudbustaden.

Den franske nemninga for svigermor er belle-mère (fin mor), men truleg tyder dette «mor til venleiken ein er gift med».

Nokre australske urfolkspråk har eit særleg ordtilfang som ein bruker dersom visse slektningar det er festa tabu ved — svært ofte svigermor — kan høyra ein. Desse språka blir kalla «svigermorspråk».

Tags:

EkteskapMor

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Eininga soneFurieDisseEriniáFylkesveg 751Stortinget T-banestasjonEvrytaníaSlaveAlónnisosTalordKorrespondentErétriaLufttrykkSilvia av SverigeKattNamnedagParisJenny KlingeBergensbanenGauderThailandSurinamHalo i meteorologiPrins Harry, hertug av SussexDübendorfElectrolux AssistentIf I Were SorryNasjonaldraktSunde i SunnhordlandKyrá PanajáBuddhistiske høgtiderOblatDie WelleRudolf BlodstrupmoenMatriarkByar i HellasDílesiPjotr TsjajkovskijEddadiktHanamiHaparandaSkigardsviseKlassekampenBlåsjøTermisk diffusivitetSpesifikk varmekapasitetCate BlanchettSola kommuneMånenPanterRådyrRaudstrupeFlaggdagarSpaniaEx-utstyrThorbjørn JaglandUrfolkGrefsen stasjonMalakoff RockfestivalVeneziaOle Ramshus SælthunStøvsugarStorbritanniaTustnaSamleieTsjekkiaDUF-nummerKjærleikKvartalVerdas naturvernunionAvlídaAftonbladetJon FosseMyllarguten🡆 More