Sverre Stenersen (18.
juni">18. juni 1926–17. desember 2005) var ein norsk kombinertrennar frå Målselv. Han vart verdsmeister i kombinert i 1954 og olympisk meister i same i i 1956. Dessutan fekk han VM-sølv i 1958 og OL-bronse i 1952. Frå 1954 til -58 vann han alle dei fem norske meisterskapane i kombinert. Stenersen representerte Målselv IL.
Sverre Stenersen | |
Sverre Stenersen i 1956 | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juni 1926 Målselv kommune |
Død | 16. desember 2005 (79 år) |
Yrke | skihoppar, kombinertløpar, langrennsløpar |
Sverre Stenersen på Commons |
Stenersen markerte seg i kombinert-øvinga frå 1951-sesongen. Han kom då på bronseplass under noregsmeisterskapen, berre slått av den komande olympiameisteren Simon Slåttvik og Kjetil Mårdalen. I OL-sesongen 1952 fekk Stenersen ein ny NM-bronse, delt med nettopp Slåttvik og fekk dermed delta for Noreg under OL i Oslo. I Ol-tevlinga i Holmenkollen vann Stenersen ein ny bronsemedalje, men kunne lite gjere med den olympiske meisteren Slåttvik, ei heller med den finske kombinertkjempa Heikki Hasu som fekk OL-sølvet.
Stenersen høyrde til i verdstoppen i kombinert resten av tiåret. I 1954 vart han noregsmeister for fyrste gong, ei bragd han skulle gjenta dei neste fire åra. Under VM 1954 var han best av eit kobbel norske kombinterrennar, og vart verdsmeister i øvinga framfor fire landsmenn. Med 461,1 poeng hadde han einast eiit poengs margin til sølvmannen Gunder Gundersen.
I 1955 vann Stenersen kombinert i Holmenkollen for fyrste gong, han gjentok triumfen der i 1956 og i 1959. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo var han heilt suveren då han slo svensken Bengt Eriksson, som vart nummer to, med over 17 poeng. Dermed vann Stenersen alle dei fire store tevlingane han stilte i i 1956-sesongen.
Etter andreplass i Lahti i 1955 vann Stenersen kombinertrennet i den finske skibyen både i 1956, -57, 59- og -60. År 1958 gjekk verdsmeisterskapen av stabelen i nettopp Lahti. Her måtte Stenersen gje tapt for Finlands eigen Paavo Korhonen, som fekk 448,50 poeng mot Stenersens 447,69.
Same året, 1958, vann Stenersen sin femte og siste NM-tittel i kombinert i Holmenkollen. Under noregsmeisterskapen i Holmenkollbakken imponerte han og fekk NM-sølv i spesielt hopprenn 1,1 poeng bak noregsmeisteren, den tidlegare olympiameisteren Arnfinn Bergmann.
Stenersen la opp i 1961 og vart trenar for det norske kombinertlandslaget.
Stenersen var norsk flaggberar i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Same året vart han tildelt Holmenkollmedaljen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sverre Stenersen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.