Sonja Wigert: Norsk-svensk skodespelar

Sonja Wigert (fødd 11.

november">11. november 1913 på Notodden, død 12. april 1980 i Spania) var ein norsk-svensk skodespelar. Ho var syster til Knut Wigert og vart gift med kaptein Niels Viggo Halfdan de Meza. Ho debuterte i 1934Det Norske Teatret. På 1930-talet spelte ho i fleire norske filmar før ho i 1939 reiste til Sverige. I Noreg kom gjennombrota hennar med Tancred Ibsen-filmen Fant (1937). I Sverige fekk ho gjennombrotet sitt i 1942 i Anders Henrikson-filmen Fallet Ingegerd Bremssen. I Sverige spelte ho i 22 filmar.

Sonja Wigert
Sonja Wigert: Norsk-svensk skodespelar
Fødd11. november 1913
FødestadNotodden
Død12. april 1980 (66 år)
DødsstadSpania
FødenamnSonja Hansen
Aktive år1932–1960
Verka somskodespelar, spion, motstandskjempar
EktefelleTorsten Flodén

Ho samarbeidde med norsk motstandsrørsle frå 1941, og vart svensk spion i 1942 med dekknamnet «Bill». Ho vart send tilbake til Noreg for å freiste å innynde seg blant leiande tyske offiserar i august same år. Ho fekk relativt raskt innpass hos Josef Terboven, som var rikskommissær for dei besette norske områda. Ho tilbaud seg overfor han å gje han opplysningar frå Sverige, men i røyndomen var ho heile tida svensk dobbeltagent. Terboven kurtiserte henne kraftig, og blant dei tinga svenskane fekk ut av spelet var opplysningar som gjorde at dei klarte å avsløre toppsjefen til Gestapo i Sverige og ein sentral agent, høvesvis August Finke og baron von Gossler.

I 1942 byrja ho òg å arbeide for amerikanarane gjennom ein kontakt ved den amerikanske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjorde ho tenester for OSS (Office of Strategic Services), som etter krigen skulle gjerast om til CIA.

Sonja Wigert rekrutterte òg Alfhild Hovdan som spion for svenskane. Det fann stad i juni 1943, og ho fekk som oppdrag å skaffe opplysningar av militær art frå Noreg.

Tyskarane forstod i løpet av hausten 1943 at Wigert ikkje var tyskvennleg, og dermed var det umogleg for henne å oppnå noko meir. Tyskarane sette ut løgnhistorier om henne i svensk presse, noko som førte til at ho vart frose ut i svensk og seinare i norsk offentlegheit. Etter krigen freista fleire som kjende innsatsen hennar, å reinvaske og rehabilitere henne i Noreg, utan at det lukkast.

Alt i 1945 fortalde ho i eit intervju at ho hadde arbeidd som agent mot tyskarane. Detaljane ved etterretningsverksemda hennar vart ikkje til fullt ut avdekte før arkivet til det svenske tryggingspolitiet Säpo vart frigjeve, over 25 år etter ho døydde. Sonja Wigert flytta ikkje tilbake til Noreg.

Filmografi

  • 1963 – Testfilm Prins Hatt under jorden Britta Pettersson, Jan Malmsjö
  • 1960 – Eventyrrejsen .... Monica
  • 1958 – Lån meg din kone .... Vernonica Flint
  • 1955 – Danssalongen .... Ria
  • 1954 – Foreign Intrigue - Bullfighter's Woman .... Elsa (1 episode, TV-serie)
  • 1953 – I dimma dold .... Jimmie Hedström, femme fatale
  • 1951 – Kvinnan bakom allt .... Nina Lind
  • 1951 – Dårskapens hus .... Inga
  • 1951 – Alt dette og Island med .... Nina Lind, sangerinnen
  • 1949 – Vi flyr på Rio .... Irene Gruwe
  • 1948 – Den hemmelighetsfulle leiligheten .... Dora Danielsen
  • 1947 – En fluga gör ingen sommar .... Christina Loven
  • 1946 – Brevet fra afdøde .... Gerd Lorentzen
  • 1946 – Jag älskar dig, argbigga .... Harriet Rosenberg
  • 1946 – Onsdagsväninnan .... Karin Larsson
  • 1945 – Blod och eld .... Lilli
  • 1945 – Flickor i hamn .... Astrid Holst
  • 1944 – ...och alla dessa kvinnor .... Margit
  • 1944 – Räkna de lyckliga stunderna blott .... Annemarie Wikström
  • 1944 – Mitt folk är icke ditt .... Else Hill
  • 1943 – Älskling, jag ger mig .... Marianne
  • 1943 – Ombyte av tåg .... Inga
  • 1942 – Fallet Ingegerd Bremssen .... Ingegerd Bremssen
  • 1942 – Ungdom i bojor .... Karin Borg
  • 1941 – Ung dam med tur .... Eva Bergfelt
  • 1941 – Kjærlighet og vennskap .... Eva Jespersen
  • 1940 – Romans .... Britta Bergman
  • 1940 – Hennes melodi .... Sonja Larsen
  • 1940 – Frestelse .... Ingeborg Lien
  • 1939 – Hennes lilla majestät .... Marianne
  • 1939 – I dag börjar livet .... Wera Holm
  • 1938 – Eli Sjursdotter .... Eli Sjursdotter
  • 1937 – Fant .... Josefa
  • 1937 – Bra mennesker .... Maggie
  • 1934 – Sangen om Rondane .... Astrid

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

11. november12. april19131934193919421980Det Norske TeatretKnut WigertNotoddenSpaniaSverigeTancred Ibsen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Kristian IV av Danmark-NoregJemenJan MayenValdresDamplokomotivJernRio de JaneiroKvitveisLysKattSirkelVegard UlvangCupheadMøre og Romsdal fylkeBuSiderBloggArian EngebøFranskNederlandskNM i bryting 1974Alexander KiellandJolene av Dolly PartonKristopher SchauTalordMartha SkrettebergNorrøntStord kommuneDet tredje riketABBAIsMetéora i TríkalaMarie AntoinetteJonsokVM i friidrett 1983Klima i ArgentinaSørøya i FinnmarkVólosBrasilTsjasiv JarKallífonoSyndikalismeAlmyrósPave Johannes Paul IFinding DoryMegawattEikefjord idrettslagFlorøTenaza PeakNederlandVerdas landPilEventyrJacob Tullin ThamsGesimsMartin ØdegaardDen austerrikske arvefølgjekrigenVM i fotball 2022ROBEKHypertrofiKelly ClarksonIvar Lo-JohanssonHanumanJordskorpeplateEtanolSvanesjøenPalauMagnetisk feltstyrke2024BjørnMaud av Noreg🡆 More