Slavonski Brod er den sjette største byen i Kroatia med eit folketal rundt 60 000 (2007).
Byen vart kalla Marsonia under Romarriket og Brod na Savi i 1244–1934. Byen ligg i området Slavonia, og er senteret i Brod-Posavina fylke. Han har òg ei hamn ved elva Sava, og ligg 197 km søraust for Zagreb. Ordet 'Brod' er kroatisk for skip.
Slavonski Brod | |||
by | |||
Land | Kroatia | ||
---|---|---|---|
Fylke | Brod-Posavina | ||
Koordinatar | 45°16′N 18°01′E / 45.267°N 18.017°E | ||
Høgd | 96 m | ||
Areal | 54,1 km² | ||
Folketal | 61 823 (2007) | ||
Slavonski Brod 45°09′19″N 18°00′52″E / 45.155277777778°N 18.014444444444°E | |||
Wiki Commons: Slavonski Brod | |||
Nettstad: www.sbonline.net | |||
Byen Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina ligg på andre sida av Sava.
Byen utvikla seg ved det strategisk viktige kryssingspunktet over elva Sava mot Bosanski Brod i Bosnia-Hercegovina. I dag går motorvegen Zagreb–Lipovac–Beograd (E70, A3) og jarnbanen Zagreb–Vinkovci–Beograd gjennom byen. Ein ny og moderne motorveg er under konstruksjon, den internasjonale gjennomfartsåra 5C, som vil knyte Nord-Europa og Ungarn med Kroatia (Slavonia), Bosnia-Hercegovina og igjen Kroatia (Dalmatia). Denne motorvegen vil gå om lag 16 km frå sentrum av byen. Når denne vegen står ferdig vil Slavonski Brod verte eit av dei store knutepunkta for motorvegane som går nord-sør og aust-vest.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slavonski Brod, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.