59°37′13″N 7°48′23″E / 59.62028°N 7.80639°E / 59.62028; 7.80639 Slaget om Vinjesvingen fann stad i mai 1940 i Vinje kommune i Telemark.
Det var ein av dei to siste stadene i Sør-Noreg at norske styrkar gjorde motstand under invasjonen i Noreg under andre verdskrigen, ved sida av Hegra festning i Trøndelag.
Under kommando av løytnant Thor O. Hannevig heldt dei norske stillinga mot overlegne tyske styrkar fram til 5. mai 1940. Hannevig hadde sikra seg forsyningar av våpen, utstyr og drivstoff frå militære lager på Heistadmoen kort tid føre dei tyske styrkane nådde Kongsberg. Utstyret vart frakta til Vinje og Vågsli i Telemark, der Hannevig etablerte ein militærstyrke som vart kjend under namnet Telemark infanteriregiment. Plana gjekk ut på å hindre tysk frammarsj vestover gjennom Telemark og Setesdal, og å støtte alliert innmarsj frå vest.
Det norske forsvaret var basert på Krag-Jørgensen-gevær ( bolt action rifles) og Madsen maskingevær Madsen light machine guns, Colt M/29 heavy machine guns, 81 mm mortars i tillegg til landminer og dynamitt for å sprengje bruer og vegar.
Full mobilisering vart gjennomført i området, og på det meste talde styrken kring 300 mann, men talet varierte. Det var fleire trefningar mellom norske og tyske styrkar. Dei norske forsvararane sprengde bruer og øydela vegar for å forseinke den tyske framrykkinga.
Hovudslaget fann stad frå 3. til 5. mai. Store tyske styrkar tok del i åtaket, og dei tyske tapa var vesentlege. Da dei norske styrkane fekk nyheita om at heile Sør-Noreg hadde kapitulert og dei allierte hadde gjeve opp etter slaget i Åndalsnes, tok Hannevig initiativ til forhandlingar om overgjeving.
Slaget om Vinjesvingen hadde stor symbolsk tyding under okkupasjonen og gav styrke under ein deprimerande okkupasjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slaget om Vinjesvingen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.