Sanctus, latin for ‘heilag’, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.
Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21:9; Markusevangeliet 11.9-10; Johannesevangeliet 12.13).
«Sanctus» er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.
Teksten lyder på latin:
Sanctus, Sanctus, Sanctus,
Dominus Deus Sabaoth;
pleni sunt coeli et terra gloria tua.
Hosanna in excelsis.
Benedictus, qui venit in nomine Domini.
Hosanna in excelsis.
I norsk omsetjing lyder han:
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot,
all jorda er full av hans herlegdom.
Hosianna i det høgste.
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.
Hosianna i det høgste.
Det er skrive mange melodiar til Sanctus. Melodiane kan variere gjennom kyrkjeåret.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sanctus, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.