Bryne vidaregåande skule er ein offentleg vidaregåande skule på Bryne i Time kommune.
Bryne vidaregåande skule | |||
Org.nummer | 913385632 | ||
---|---|---|---|
Kommune | Time | ||
Nettstad | http://www.bryne.vgs.no/ | ||
Bryne vidaregåande skule 58°44′00″N 5°38′38″E / 58.73323611°N 5.64391°E |
Rogaland Landsgymnas vart etablert 1. september 1924 med 22 elevar og to lærarar. Landsgymnaset starta opp i det nye folkeskulebygget som Time kommune hadde reist i åra 1922-23.
Hausten 1946 flytta gymnaset inn i nybygget som var ferdigstilt under krigen. I 1947 vart Rogaland Landsgymnas teke over av det staten og endra namn til Rogaland offentlege Landsgymnas.
Elevtalet auka og skuleåret 1962/63 var det 830 elevar. I 1960 hadde elevane teke i bruk ei ny klasseromsfløy, og to år seinare vart det reist ei vinkelfløy. I 1964 stod ein idrettshall ferdig.
I 1960 hadde gymnaset gått i gang med tre nye liner: latinline, som det hadde vore ved skulen før 1945, naturfagline og økonomisk line. Desse linene kom i tillegg til real- og engelsklina. Nokre tider var det òg liner for gresk og norrønt ved skulen.
I 1965 vart skulen teke over av Rogaland fylke og han fekk sitt tredje namn, Bryne Gymnas. I 1975 vart namnet endra til Bryne vidaregåande skole, og i 1994 til Bryne vidaregåande skule.
I 2015 slo skulen seg saman med yrkesskulen Time vidaregåande skule og etablerte seg i nye bygg ved Hetlandsgata på Bryne. Den nye skulen har rundt 1500 elevar og er den største i Rogaland. Han er lokalisert i same kvartalet som Garborgsenteret og Forum Jæren.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bryne vidaregåande skule, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.