Rocher de Monaco («Monacoklippa») er ein 141 meter høg monolitt i Middelhavet i Monaco.
Klippa har alltid vore ein ettertrakta stad heilt sidan førhistorisk tid. Massalia koloniserte området og kalla det Monoïkos (gammalgresk Μόνοικος). Rocher de Monaco var òg den første erobringa til Grimaldi-familien, som herska over landet i meir enn 700 år etter at guelfaren François Grimaldi kledde seg ut som ein fransiskanarmunk for kome inn i byen og opne portane for soldatane sine.
I dag er klippa den eldste av Monaco sine fire bydelar, Monaco-Ville, der gamlebyen ligg. Det er ikkje langt frå fyrstepalasset (fransk Le Palais Princier), residensen til den noverande fyrsten Albert II av Monaco og fyrstefamilien. Rocher de Monaco er ein populær turistattraksjon.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rocher de Monaco, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.