Republikanerne Av Welhaven

Ved Barrière de la Santé ligger en ydmyg liden Kaffee.

«Republikanerne» er eit dikt frå 1832 skrive av Johan Sebastian Welhaven. Det er eit av dei best kjende dikta til Welhaven, og inneheld den kjende og ofte siterte avslutningslinja «De hadde champagne, men rørte den ei.».

Welhaven gav diktet ut i bokform i 1839. Ein noko modernisert versjon vart utgjeven i 1873 i antologien Norsk Lyrik : 1814-1873 i Udvalg.

Diktet tek for seg den politiske situasjonen like etter slaget ved Ostrołęka (Ostrolenka), der russarane knuste det polske opprøret. Handlinga spelar seg ut på ein kafé i Paris som var hyppig vitja av dei unge revolusjonære studentane.

Ein av desse reiser seg for å halda ein flammande tale om det polske opprøret då ein ukjend mann reiser seg og minner om slaget ved Ostrolenka, der han var med. Dei bitre orda hans dempar dei unge idealistane, som til slutt lèt champagnen stå urørt på bordet.

Tolking

Diktet har blitt tolka som ein harmdirrande spott over dei tome frasene som pregar fridomstankane til dei unge studentane. Den ukjende mannen har kjempa og lidd for fridomen, medan dei høgrøysta studentane ikkje gjer meir enn å sverme for saka med sangvinsk glød. Ifølgje professor Lorentz Dietrichson skal den finske fridomskjemparen August Myhrberg, som Welhaven visstnok møtte i Paris, vore modell for mannen som går i rette med studentflokken.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Republikanerne Av Welhaven  RepublikanerneWikikilden (frie originaltekstar)

Tags:

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

JapanskEddiksyreVasskraftverkKrøllparentesMarit BjørgenGiordano BrunoMicrosoftPKalaGuildfordBodø kommuneMadagaskarInflasjonKonstitusjonelt monarkiVaginaMetanHasardVulanMotiv i litteraturHellasSødorp kyrkjeByar i USA med meir enn 100 000 innbyggararUngarnAngkor VatStormfulle høyderMonacoNordsamiskDet internasjonale fonetiske alfabetetVerdas land etter flateviddVår Frelsers gravlundSaudi-ArabiaAdolf HitlerHierarkiPåskeformelenStockholms stadshus-stanEtnisk nasjonalismeVictoria av StorbritanniaSolan GundersenSilkeormWJurij KoroljovFahrenheitNorskLynni Treekrem1958LøveVeiviserenFiskeslaget aspSawfishOsloIsoterm prosessDnipropetrovsk oblast21Huntsville i AlabamaKalenderØresundbruaVulvaQingSarpsborg kommuneListe over primtalDen kinesiske murenOregon75JordaTørt klimaBergenBotanikkHardangerbruaVincent van GoghLeikanger kommuneSør-AfrikaMauser-rifle M98Svake substantivByPresidentNapoléon Bonaparte🡆 More