Nikolaj Aleksandrovitsj Jarosjenko (13.
desember">13. desember 1846–7. juli 1898), var ein russisk kunstmålar av ukrainsk opphav.
Nikolaj Jarosjenko | |
Sjølvportrett, 1895 | |
Verkeleg namn | ukrainsk skrift Микола Олександрович Ярошенко, russisk Николай Александрович Ярошенко |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 1. desember 1846 Poltava |
Død | 26. juni 1898 (51 år) |
Yrke | kunstmålar, militær |
Sjanger | portrett |
Nikolaj Jarosjenko på Commons |
Jarosjenko vart fødd i byen Poltava i Tsar-Russland (no i Ukraina), som son av ein offiser i den russiske armeen. Jarosjenko valde sjølv ei militær løpebane, men studerte også kunst ved Ivan Kramskoj sin teikneskule (1866 og –67) og så vidarestudium ved St. Petersburgs kunstakademi i åra 1874 til –76.
I 1876 var Jarosjenko eit leiande medlem av ei gruppe med russiske målarar som kalla seg for Peredvizjnikij. Han fekk kallenamnet ”Peredvizjnikij sitt samvit” for sin integritet og sine prinsippfaste haldningar.
Jarosjenko trekte i 1892 seg tilbake frå ein posisjon som generalmajor. Han la ut på mange reiser, både innanlands og til andre land i Europa, til Midt-austen og den fjerne austen. Han budde sine seinare år i Kislovodsk (no Russland), der han døydde og vart gravlagt.
Jarosjenko måla først fremst mange portrett, sjangermåleri og laga mange teikningar. Hans sjangermåleri skildrar tortur, slit, overlast mot folk, men og frukt og badeskikkar. I dei to siste tiåra av det 19. hundreåret var han ein av dei leiande målarane mellom dei russiske realisme-kunstnarane.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nikolaj Jarosjenko, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.