Marta Domínguez

Marta Domínguez Azpleta (fødd 3.

november">3. november 1975) er ein spansk friidrettsutøvar frå Palencia. Ho vart verdsmeister på 3000 meter hinder i 2009, og har vunne to EM-gull på 5000 m, samt ein EM-tittel i terrengløp. I perioden 1998-2010 sikra ho seg tre VM-medaljar og fire EM-medaljar på bane på distansane 5000 m og 3000 m hinder. Sidan 2011 har Domínguez også vore medlem av det spanske overhuset for Partido Popular.

Marta Domínguez

Marta Domínguez

Statsborgarskap Spania
Fødd 3. november 1975 (48 år)
Palencia
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Ordenen for sportsfortjenesters gullmedalje


Idrett

Domínguez tok steget opp i europatoppen på langdistansane under EM i friidrett 1998 i Budapest, der ho vann bronsemedaljen. Etter VM-sølv på same distansen i 2001, lukkast ho året etter å vinne ein jamn spurt om EM-tittelen. Irske Sonia O’Sullivan måtte sjå slått med eitt tidels sekund. I 2003 tok Domínguez eit nytt VM-sølv på 5000 m, hårfint framom kenyanske Edith Masai og russiske Jelena Sadorosjnaja. Tirunesh Dibaba frå Etiopia vann løpet, eit halvt sekund føre Domínguez.

I friidretts-EM i 2006 forsvarte Domínguez EM-gullet på 5000 m då ho spurtvann over Lilija Sjobukhova frå Russland. I same meisterskapen gjorde ho sitt snøggaste milløp nokon gong, men vart likevel berre nummer sju. Den etterfylgjande våren vart ho verdsmeister i terrengløp over 8 km.

Frå 2008-sesongen gjekk Domínguez over til å satse på 3000 m hinder. Det gav gevinst i 2009, då ho vann gullmedaljen under verdsmeisterskapen i Berlin, eitt sekund føre Julija Sarudneva. Dei same to utøvarane kjempa også fremst då EM-gullet på hinder skulle få sin eigar i 2010, men då var Sarudneva sterkast i spurten.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Marta Domínguez 
Marta Domínguez spring inn til EM-siger i terrengløp i 2007

Personlege rekordar

  • 1500 m: 4.04,2 (2010, Barcelona)
  • 3000 m: 8.28,8 (2000, Zürich)
  • 5000 m: 14.48,3 (2003, Paris)
  • 10000 m: 30.51,6 (2006, Göteborg)
  • 3000 m hinder: 9.07,3 (2009, Berlin)

Tidene på 3000 m, 10000 m og 3000 m hinder er spanske rekordar i 2015.

Politikk

I desember 2011 vart Domínguez vald til medlem av det spanske overhuset, der ho representerer det høgreorienterte partiet Partido Popular.

Kjelder

Tags:

Marta Domínguez IdrettMarta Domínguez PolitikkMarta Domínguez KjelderMarta Domínguez19753. novemberSpania

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

NM i fotball for kvinnerWikisourceRobin WilliamsQ.E.D.GoogleEiffeltårnetLill LindforsStratovulkanNoregsmeisterskapen i sjakkAdjøDet nederlandske koloniriketBjørnøya1450Halvdan SvarteVelkomstMickey RaphaelElvdalsk13. januarAbdusamet YigitRachel CarsonDental27. marsBarentshavetTeknologiMax ManusUstedalenSinnataggenJorddqgy5SionistHauge i DalaneSkjæltorsdagPatrick RoestJernPåskekyllingBokstaveringsalfabetAstatKongo-BrazzavilleSacramentoMuflonNordland fylkeArnanipatunnelenHollandMarikkenPåskeNynorskSørfold kommuneVerdas landPALOPFlåklypa Grand PrixMosesDansLågt blodtrykkStockholmRegionar i FrankrikeBygdøy KongsgårdMoss kommuneJim MorrisonKroatiaGul26. marsLemmingLatinSvartedauenAmitav GhoshLübeckRSSBenito MussoliniShaka SamvatDominicaOlav V av NoregProfessor emeritusÅl i HallingdalTiticaca🡆 More