Marina Lewycka (f.
1946 ) er ein engelsk forfattar av ukrainsk opphav frå Sheffield i England.
Marina Lewycka | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 12. oktober 1946 (77 år) Kiel |
Yrke | skribent, romanforfattar, lærar |
Marina Lewycka på Commons |
Lewycka vart fødd i ein flyktningleir i Kiel i Tyskland etter den andre verdskrigen. Ho flytta som barn med familien sin til England der ho bur no. Ho vart utdanna ved Keele University, og er no lærar i mediafag ved Sheffield Hallam University.
Debutromanen hennar, A Short History of Tractors in Ukrainian (En kort historie om traktoren i Ukraina, Gyldendal, 2006, ISBN 82-05-33379-3), fekk Bollinger Everyman Wodehouse Prize ved Hay litteraturfestivalen, og vart nominert til The Man Booker Prize og Orange Prize for Fiction i 2005. Romanen er omsett til meir enn 20 språk, mellom anna nederlandsk, norsk og italiensk.
Utanom diktinga si har Lewycka skrive fleire bøker med praktiske råd for eldre menneske, utgjevne av den engelske ideelle organisasjonen Age Concern.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Marina Lewycka, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.