Makrell i tomat er eit pålegg med bitar av fiskesorten makrell og saus av tomat.
Makrell i tomat er eit populært pålegg i Noreg, og i følgje ei spørreundersøking i 2004 er dette ein av dei meste føretrekte påleggssortane. Det vart starta med hermetisk produksjon på 1950-talet i Noreg. Det at makrell i tomat frå då av vart tilgjengeleg i hermetisk form, medførte at denne påleggssorten vart teken i bruk i stor skala.
Stabburet AS har vore ein marknadsleiande leverandør av makrell i tomat i Noreg sidan 1958, etter ei oppskrift utvikla av Gunnar Nilsen og Svein Jervell.
Makrell i tomat er rekna for å vera særs sunt. Det har eit høgt innhald av omega-3 fettsyrene, vitamin D og kalsium. I tillegg inneheld makrell i tomat òg ei rekkje andre vitamin og mineral, som t.d. vitamin A, vitamin E, vitamin B6, vitamin B12, jarn, magnesium og sink m.fl.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Makrell i tomat, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.