Lyset i verda er i kristendommen eit uttrykk Jesus brukte for å karakterisere seg sjølv.
Lys er eit gjennomgåande omgrep i kristen tenking. I Bibelener lyset nemnt både i første og siste kapitel: «Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.» (1. Mos. 1,3). «Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje lys av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei.» (Op. 22,5). Og i evangeliet etter Johannes omtaler Jesus seg sjølv som lyset i verda (Joh. 8,12 og 9,5). Lystenning er òg eit valfritt ledd ved dåp i Den norske kyrkja. Etter at eit lys er tent for den døypte, kan liturgen vise til Jesu ord om lyset i Joh. 8,12: «Eg er lyset i verda. Den som følgjer meg, skal ikkje vandra i mørkret, men ha livsens lys.»
Johannesevangeliet har ei rad med slike «eg er»-utsegner frå Jesu munn:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Lyset i verda, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.