«Sold Me Out»
Living on a Thin Line Singel av The Kinks frå albumet Word of Mouth | ||
B-side | ||
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1985 | |
Innspelt | Juni 1983 – september 1984 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:16 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Dave Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Do It Again» (1984) | Living on a Thin Line | «Summer's Gone» (1985)
|
«Living on a Thin Line» er ein song skriven av Dave Davies og framført av The Kinks i 1984 på albumet deira Word of Mouth.
«Living on a Thin Line» er ein av to songar på Word of Mouth skriven av Dave Davies (den andre er «Guilty»). I biografien sin Kink, sa Davies at songen var inspirert av den lange og vanskelege karrieren til The Kinks og hatet hans mot politikarar.
«Living on a Thin Line» kom først ut på Word Of Mouth, men vart sidan gjeven ut på ein 12-tommars singel for radio (med B-sida «Sold Me Out») i Amerika, og sidan på mange samlealbum, som Come Dancing with the Kinks, Lost & Found (1986-1989), The Ultimate Collection og Picture Book. Songen er òg blitt spelt på konsertar av både The Kinks og Dave Davies.
Sjølv om songen ikkje vart ein kommersiell suksess, vart han ein favoritt blant fansen. Songen vart spelt tre gonger i ein episode av The Sopranos i 2001 i episoden «University». Produsenten Terence Winter har sagt at det var den songen i serien folk spurte mest om. Songen vart òg spelt i siste episode av HBO-serien Vice Principals.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Living on a Thin Line, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.