Laft

Laft eller lafteverk er ein type berekonstruksjon som var den mest brukelege til å bygge trehus i Noreg frå vikingtida og fram til midten av 1800-talet.

Laftinga blir gjort av tømmerstokkar som blir lagde vassrett og stabla oppå kvarandre. Stokkane blir lagde i kryss så dei ligg i same nivå i to parallelle vegger, mens stokkane i dei to veggane imellom ligg ein halv stokkhøgd høgare. I hjørna (lafta, knutane eller nøvene) blir stokkane skore saman med underhogg og overhogg som låsar dei til kvarandre. Ordet «laft» tyder opphavleg 'hjørne'.

Laft
Lafta hushjørne frå Odalen. Ein kan sjå korleis stokkane ligg med toppende og rotende annakvar gong.
Foto: Kjetil Lenes

Stokkar i same vegg blir tilpassa til kvarandre ved å hogge eit v-forma spor (medfar eller mosefar) i underkanten av overliggjande stokk. Presis tilpassing til den runde overkanten av underliggjande stokk vert gjort med meddragning, som vil seie at ein kloforma reiskap rissar konturen av understokken inn i overstokken. Til tetting mot trekk blir det under opplaftinga lagt husmose mellom stokkane, slik at mosen fyller både medfaret og laftehogga. Stokkane vart lagde andføttes i same veggen, toppende over rotende, slik at ulike stokkhøgder vart utjamna.

I løer og andre uthus som skal vere luftige, vert veggene lafta av rundtømmer utan medfar. Utanfor Norden kjenner ein til lafting heilt utan meddrag, der tetting mellom stokkane vert gjort med leirklining eller dytting.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

1800-taletHjørneTømmerVeggVikingtida

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

EvnukkAbugidaClaus JervellMoldaviaDen muslimske verdaSpeidarrørslaRussisk litteraturFuerteventuraTonsillNynorsk WikipediaKvitveisGlimmerUkrainaBaronDiezeMaiken Caspersen FallaStavanger kommuneTeknologiTorvastad IdrettslagSjølvstendeEventyrHappy HumanDet norske flaggetRimSjangerKråkebolleHardy-gutteneImperialismeAugust den sterkeMartha SkrettebergHaakon Magnus av NoregSørøya i FinnmarkTermisk diffusivitetDeltaØrsta kommuneDet engelske herrelandslaget i fotballJernKvam heradHellerman RocksAegisClaudio MonteverdiLufttrykkIranPolenAsker kommuneStyresettSnikkarReinheitsgebotJohn ScofieldE-postSamisk kultur24. aprilHvaler kommuneSofie MarhaugRaimbaut d'OrangeOverarmsbeinWikimediaNasjonalrettTutankhamonSystem of a DownBjørnøyaBizkaiaFriksjonKirkenærTenaza PeakOseanografiJan MayenKognitivismeSymbol i hinduismenNo-dramaRumpeldunkInsulinMagnisía🡆 More