Kristiansund Fotballklubb er ein norsk fotballklubb i Kristiansund, som spelar i Eliteserien.
Han vart stifta 7. juni 1912. KFK, kjend som «Kåan», spelar heimekampane på Gressbanen, eit stadion innvigd i 1950. Laget spelar i raude skjorter og strømper og blå bukser.
KFK tok seg til semifinalen i Norgesserien i 1938, der Fredrikstad FK, det komande meisterlaget, vann 3-2. I sesongen 1950/51 spelte KFK i Hovedserien, men vart med fire poeng desidert sist i avdeling B.
Magnar Isaksen og Anders Giske spelte i si tid på KFK.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kristiansund Fotballklubb, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.