Kokain
CAS-nummer 50-36-2 | ATC-nummer {{{ATC}}} |
Metabolisme | lever |
Halveringstid | 1 time |
Utskiljing | Nyrene/urin |
Administrasjonsform | oral, IV, gjennom lungene, sniffing, gjennom huda, PO |
Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som eit narkotikum. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, særleg i Bolivia, Colombia og Peru. Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in, på folkemunn er stoffet kalla «cola», «Charlie», «blow», «snø» eller «pudder».
Kokain stimulerer sentralnervesystemet og minkar kjensla av svolt. Stoffet gjev ei sterk kjensle av lukke og mykje energi. Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det elles i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.
Kokain er eit stoff det er sterkt vanedannande, og har ei særs sterk brukarbinding. Stoffet står på den norske narkotikalista og stoffet er soleis forbode i Noreg. Stoffet står òg på dopinglista til antidoping-byrået WADA og Antidoping Norge.
Kokain kan takast på fleire ulike måtar: med sprøyte, sniffast gjennom nasa, røykjast, takast opp gjennom huda – til dømes i munnen eller ved svelging. Kroppen reagerer med høgare blodtrykk, og omfattande bruk kan føra til hjarteinfarkt.
Dei oppkvikkande og svoltdempande effektane til kokablada har vore kjende i fleire hundre år før forskarane klarte å isolera den aktive substansen i 1859. I rein form er effekten av kokain langt sterkare enn i kokablada. Stoffet vart etter kvart teke i bruk som rusmiddel, og mange store intellektuelle, kunstnarar og musikarar har nytta kokain, mellom anna Sigmund Freud. Fram til 1929 kunne ein finna spor av kokain i Coca-Cola.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kokain, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.