Kjell Gjerseth (fødd 14.
september">14. september 1946) er ein norsk politisk aktivist (AKP), journalist og forfattar.
Kjell Gjerseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. september 1946 (77 år) |
Yrke | journalist |
Språk | norsk |
Politisk parti | Arbeidernes kommunistparti |
Gjerseth var først aktiv i Unge Høgre, i 1965 som formann i Rogaland Unge Høgre, men gjekk ut derfrå i protest mot Vietnamkrigen. Han vart så aktiv i AKP(m-l) og følgde i linja til 1976 partiet om selvproletarisering som industriarbeid ved Jøtul. Som fagforeiningsaktiv vart han i 1976 landskjent som leiar for ein seks vekers ulovleg streik på Jøtul og året etter som ein av AKParane som var delegatar til LO-kongressen i 1977.
Gjerseths politiske aktivisme dreidde sidan i retning journalistikken og han byrja som journalist i partiavisa Klassekampen. Gjerseth engasjerte seg sterkt i solidaritet med Afghanistan etter den Sovjetiske okkupasjonen av landet i 1979, eit engasjement han har halde på sidan. Den politiske aktivismen på ytste venstre fløy skaffa Gjerseth merksemd frå Politiets tryggingsteneste og han vart overvakt frå 1976 av. Gjerseth vart i 2003 tilkjent 20 000 kroner i erstatning for den delen av POTs overvåkning som var ulovleg.
Gjerseth studerte først journalistikk. I 1972 tok han hovedfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo med hovudoppgåva Konflikt – kommunikasjon: en rapport om unge sosialklienter tilknyttet «stoffmiljøene» i Oslo sentrum, deres tradisjon og forhold til Ungdomskontorets Uteseksjon. Han var, i ei tid før han vart industriarbeidar, lektor ved det som då heitte Distriktshøgskolen i Volda.
Gjerseth har òg arbeidd som journalist i Stavanger Aftenblad. Han har lang røynsle frå ulike konfliktområde. Under den første Gulfkrigen var han den einaste norske journalisten som vart igjen i Bagdad. Han har vore framtredande blant motstanden til norske kulturarbeidarar mot USAs angrep på Afghanistan og okkupasjon av Irak, m.a. som bidragsytar i antikrigs-antologien Pax Poeta Det Norske Samlaget 2003.
I 1983 utgav Gjerseth sin hittil einaste roman, Chakoo, frå Afghanistan under den sovjetiske okkupasjonen. For boka fekk han Tarjei Vesaas' debutantpris.
I 1968 var Gjerseth redaktør i studentavisa Universitas.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kjell Gjerseth, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.