Katrin Elisabeth Dahl Jakobsen (fødd 20.
mai">20. mai 1951 i Tórshavn) er ein færøysk lærar og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin.
Katrin Dahl Jakobsen | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1951 (72 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Færøyane | ||
Parti | Javnaðarflokkurin | ||
Yrke | lærar, politikar | ||
Utdanna ved | Trondheim lærerhøgskole | ||
Alle verv |
Jakobsen gjekk Trondheim lærerhøgskole og arbeidde som grunnskulelærar i Noreg før ho flytta tilbake til Færøyane i 1984. Ho blei då lærer ved Eysturskúlin i Tórshavn.
Jakobsen var vald inn på Lagtinget frå Suðurstreymoy 1998–2004. Ho var 2. vara i perioden 2004–2008 og vald inn på nytt frå Færøyanes felles valkrins 2008–2011. Ho var formann i Lagtingets kulturkomité 1998–2000 og Lagtingets næringskomité 2008–2011. Ho søkte ikkje attval til tinget i 2011.
Jakobsen var medlem av kommunestyret i Tórshavn i perioden 2005–2007.
Jakobsen er enkje etter Martin Jakobsen (1951–2007), som og var kjend som Martin á Bakka. Han var ein av gründerane av havbruksselskapet Bakkafrost, der Jakobsen framleis er medeigar. Konsernsjef Regin Jacobsen er nevøen deira.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Katrin Dahl Jakobsen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.