John Akii-Bua

John Akii-Bua (3.

desember">3. desember 194920. juni 1997) var ein hekkeløpar frå Uganda, den fyrste frå landet som vart olympisk meister.

John Akii-Bua
John Akii-Bua
Statsborgarskap Uganda
Fødd 3. desember 1949
Lira
Død

20. juni 1997 (47 år)
Kampala

Yrke friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 188 centimeter
John Akii-Bua på Commons

Liv

Akii-Bua voks opp i ein familie med 42 sysken, far hans hadde åtte koner. Akii-Bua byrja som korthekkløpar, men vart etter råd frå trenaren oppmoda om å prøve seg på 400 meter hekk. Han var nummer fire på langhekken under Samveldeleikane i 1970. Året etter forbetra han seg mykje og sette personleg rekord med 49,0 sekundar, og var dermed berre eitt tidels sekund bakom årsbestetida i 1971.

Under dei olympiske sommarleikane i München vann han den fyrste semifinalen på tida 49,25, men var likevel ikkje den største favoritten. I finalen 2. september venta ein eit oppgjer mellom fyrst og fremst USA-amerikanske Ralph Mann, og den regjerande olympiameisteren, briten David Hemery. Begge desse gjorde gode løp og kom i mål på tidene 48,51 og 48,52. Det heldt til medaljar for dei to, som såg at Akii-Bua var heilt suveren og vart klokka inn på verdsrekordtida 47,82 sekundar. Hemery gamle rekord var på 48,12. For sin OL-prestasjon vart politimannen Akii-Bua forfremja av presidenten i Uganda, Idi Amin, og han fekk seg eit hus.

I 1973 vart Akii-Bua afrikameister på langhekken med nesten to sekunds margin til andremann. Ettersom Uganda og mange andre afrikanske land boikotta sommarleikane 1976, fekk han ikkje måle styrke mot Edwin Moses, den framifrå flinke langhekkløparen frå USA. År 1978 vart Akii-Bua nummer to på 400 m hekk under afrikameisterskapen i Alger.

Då Amin-styret fall i 1979, flykta Akii-Bua til Kenya med familien. Han frykta å verte oppfatta som kollaboratør, ettersom han var av Langi-stamma, ei stamme der hadde vorte forfylgd av Amin, medan Akii-Bua på si side av Amin hadde vorte halden fram som eit føredøme for langiane. I Kenya vart Akii-Bua plassert i ein flyktningleir. Han vart hjelpt ut av leiren av den skoprodusenten sin, Puma, og budde tre-fire år i Tyskland, der han arbeidde for Puma. Sidan reiste han heim til Uganda og dreiv som trenar.

Akii-Bua var enkjemann med 11 born då han døydde i Kampala, 47 år gammal. Han fekk ei stats-gravferd.

Kjelder

Tags:

1949199720. juni3. desemberUganda

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Elisabeth AndreassenDe Long-øyaneNorovirusAre KalvøWayback MachineOffentleg eigedomFlaggByggKorinthíaTriasDet nederlandske koloniriketURLNapoléon BonaparteTysdagThor HeyerdahlElsa LystadCarl XVI Gustaf av SverigeDet norske alfabetetKillingElizabeth II av StorbritanniaMarit Bjørgen1416RusslandThe BeatlesPåskekyllingHelena BrodtkorbSauBrexitPersiskRaphaël PoiréeAnne B. RagdeCelsiusKnuskkjukeLungebetennelse27-årsklubbenDavid CameronSionistOmanInformasjonskapselIngrid Alexandra av NoregAutoritetsdataRSSLahti-renna 1974Egypt i oldtidaLønnBrennverdiPete BestTeknologiAust-TimorJohann Sebastian Bachut8dxLysingBlåKongo-BrazzavilleHar Sedom27. marsVangsgutaneIslandVestland fylkeOldtidLeonard RickhardQueenNord-Irland2019Tre Små KinesereVerdas språk etter utbreiingPåskehareWiki CommonsVinter-OL 2014Valerij LjukinNoregsmeisterskapen i sjakkAusterrike-UngarnVerdas landMariannePumaHektogram🡆 More