Johannes Høsflot Klæbo (fødd 22.
oktober">22. oktober 1996) er ein norsk langrennar. Han vann bronsemedaljen i sprintøvinga under Ski-VM 2017 og vart same sesongen norsk meister i same øvinga.
Johannes Klæbo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. oktober 1996 (27 år) Oslo, Trondheim |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 2017, Vinter-OL 2018, Ski-VM 2019, Ski-VM 2021, Ski-VM 2023 |
Vinteren 2016 vann Klæbo tre av tevlingane då juniorverdsmeisterskapen i nordiske greiner fann stad i Râșnov i Romania, to individuelle og ei i stafett. Førjulssesongen 2016 overraska han med pallplassar i verdscuprenn i både Ruka og på Lillehammer. Under noregsmeisterskapen 2017 i Gran kommune vann han sprinttevlinga og tok sølvmedaljen på 15 km, slått einast av Didrik Tønseth. Den 18. februar tok han for fyrste gong steget til topps i eit verdscuprenn då han vann sprintrennet i Otepää i Estland. Like etterpå deltok han i Ski-VM 2017 i Lahtis og vann VM-bronsen i sprint, medan det vart fjerdeplass i lagsprinten ettersom lagkamerat Emil Iversen fall litt før målgang. 18. mars 2017 spurta han inn siger i 15 km fellesstart i Quebec i Canada og dagen etter vann han nok ein spurt i sjølve verdscupavslutninga. Dermed stod han som vinnar av langrennsturneringa i Canada og vinnar av sprintverdscupen 2017. I Verdscupen 2017 enda han på fjerdeplassen.
Gjennom november-desember 2017 viste Klæbo seg som den klart beste langrennaren i verda. I løpet av fire veker sanka han ikkje mindre enn sju sigrar i verdscuprenn; tre tevlingar i Ruka-turneringa, begge renna på Lillehammer, sprintøvinga i Davos og ein 15 km jaktstart i Toblach.
I 2022 fekk han Holmenkollmedaljen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Johannes Klæbo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.