«Is This the World We Created...?»
It's a Hard Life Singel av Queen frå albumet The Works | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 16. juli 1984 | |
Innspelt | Januar 1984 | |
Sjanger | Glamrock, Kunstrock, Progressiv rock | |
Lengd | 4:08 (album) 5:05 (12" extended version) | |
Selskap | EMI, Capitol | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Queen og Reinhold Mack | |
Queen-kronologi | ||
«I Want to Break Free» (1984) | It's a Hard Life | «Hammer to Fall» (1984)
|
«It's a Hard Life» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av frontmannen Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut i 1984 på albumet The Works, og var den tredje singelen frå albumet. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og var den tredje topp 10-plasseringa deira frå albumet. Han nådde òg andreplassen i Irland og 20. plassen i Nederland. Songen kom på 19. plassen på ei landsomfattande rundspørring av TV-kanalen ITV over favorittlåten til sjåarane av Queen i 2014.
Opningsteksten og melodien frå «It's a Hard Life» er basert på linja «Ridi, Pagliaccio, sul tuo amore infranto!» (Laugh, clown, at your broken love!) frå «Vesti la giubba», ein arie frå Ruggero Leoncavallo-operaen Pagliacci.
Musikalsk gjenskapar songen kjensla frå «Play the Game» for å oppdatere soga, og nyttar pianoet til Mercury og den karaterisiske teknikken til bandet med å legge lag på lag med harmonivokal. Songen er spelt inn med mykje av den same etosen frå tidlegare Queen-album sidan dei ikkje brukte synthesizerar på songen.
Tim Pope regisserte musikkvideoen i ein operaaktig «stil», der bandet opptrer i operaaktige kostyme. May spelar på ein spesiallaga «skalle- og bein»-gitar, som ein òg kan sjå på singelomslaget.
Bandet syntest kostyma var varme og ukomfortable og dei andre gjorde narr av augo på kostymet til Mercury, som dei meinte såg ut som «ei enorm reke». Både Brian May og Roger Taylor stønna høgt på kommentorsporet til videoen på Greatest Video Hits 2. Taylor sa det var «den mest idiotiske musikkvideoen som var laga.» May meinte videoen var ironisk. Taylor sa at han «likte songen særs godt, men hata videoen».
Ein av statistane i videoen er den tyske skodespelaren Barbara Valentin.
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
UK Singles (Official Charts Company) | 6 |
Australia (Kent Music Report) | 65 |
Tyskland (Media Control AG) | 26 |
Nederland (Mega Single Top 100) | 20 |
Nederland (Nederlandsk Topp 40) | 4 |
Belgia (Ultratop 50 Flandern) | 31 |
New Zealand (RIANZ) | 30 |
Irland (IRMA) | 2 |
US Billboard Hot 100 | 72 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article It's a Hard Life, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.