Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom (IKFF), Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF), er ein freds- og menneskerettsorganisasjon som vart skipa på eit internasjonalt kvinnemøte i Haag i 1915 med det føremålet å få stogga den fyrste verdskrigen og arbeide for ein rettferdig fred bygd på demokratiske prinsipp.
Jane Addams og Emily Greene Balch gjorde ein framifrå innsats i ligaen, og båe fekk Nobels fredspris for sitt arbeid for fred. Fleire norske kvinner har hatt sentrale verv og oppgåver i Women’s International League for Peace and Freedom, til dømes Johanne Lucie Reutz Gjermoe og Marie Lous Mohr.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom | |||
| |||
Skipa | 28. april 1915 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | Genève | ||
Leiar | Joie Ada Onyesoh | ||
Nettstad | https://www.wilpf.org |
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom held til i Genève i Sveits. Organisasjonen støtter arbeidet som Dei sameinte nasjonane (SN) gjer, og har konsultativ status ved det økonomiske og sosiale råd i Dei sameinte nasjonane, UNESCO, FAO og ILO.
Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom har underavdelingar i fleire land. I Noreg vart det skipa ei nasjonal gruppe i 1915, Norsk seksjon av Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet (IKFF), som har som føremål å samle norske kvinner med ulike politiske og ideologiske meiningar i arbeidet med å opplyse om og skaffe av vegen dei politiske, økonomiske og psykologiske tilhøva som kan vere årsaka til krig, og arbeide for ein konstruktiv fred i eit økologisk berekraftig samfunn. Hovudmåla er såleis å hindre krig, å få erstatta vald med ikkjevald i alle konfliktar, å få styrkt organa til Dei sameinte nasjonane (SN), å skape auka respekt for folkerettslege institusjonar, å komme fram til ein internasjonal økonomisk orden basert på kva alle folk treng, ikkje ein orden basert på profitt og privilegium.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.