Hubertine Auclert

Hubertine Auclert (10.

april">10. april 18484. august 1914) var ein fransk kvinnesaksforkjempar og skribent som særleg gjekk inn for røysterett for kvinner og retten for kvinner til å stilla til val. Ho var den første dokumenterte kvinnesaksforkjemparen som brukte nemninga «feminist», i 1882.

Hubertine Auclert
Hubertine Auclert
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 10. april 1848
Saint-Priest-en-Murat
Død

8. april 1914 (65 år)
11. arrondissement

Yrke journalist, kvinnesaksforkjemper, redaktør, stemmerettsforkjempar, bibliotekar
Hubertine Auclert på Commons
Hubertine Auclert
Hubertine Auclert i 1910

Auclert var fødd i landsbyen Saint-Priest-en-Murat i Auvergne i ein middelklassefamilie. Faren døydde då ho var tretten, i 1861, og mora fem år seinare, i 1866. Auclert blei utdanna i kloster, og tenkte ei tid på å bli nonne. Ho blei avvist av to kloster, det siste fordi ho var «for sjølvstendig», og uttrykte seinare sterke antiklerikalske haldningar. Ho forlét klosterlivet og slo seg i staden ned i Paris.

Hubertine Auclert kom frå ein republikansk familie, og var sjølv sterk republikanar. Ho blei kjend med forfattaren Victor Hugo som fekk henne med i avisa l'Avenir des femmes, som var driven av Maria Deraismes og Léon Richer. Inspirert av deira tankar grunnla Auclert i 1876 laget Le droit des femmes ('kvinneretten') som i 1883 bytta namn til Le suffrage des femmes ('kvinnerøysteretten'). I 1881 grunnla Auclert avisa La citoyenne, hovudsakleg for å kjempa for fulle demokratiske og borgarrettar for franske kvinner. Av alle rettane kvinner mangla på denne tida meinte ho dei demokratiske rettane måtte koma før dei sivile, som eigedoms- og skilsmisserettar.

I 1880 byrja Auclert ein skattestreik ettersom ho ikkje hadde røysterett. Ho tapte saken i den franske høgsteretten, men blei vener med ein av dei juridiske rådgjevarane sine, Antonin Lévrier, og gifta seg med han i 1887. Hubertine Auclert budde med ektemannen i Algerie frå 1888 til 1892. Auclert og medskribentar fann at «usiviliserte» kvinner kunne ha høgare status og betre liv enn kvinner i «siviliserte» Frankrike.

Då dei franske styresmaktene tillét skilsmisse i 1884 kritiserte Auclert loven for å framleis fråta kvinna løna hennar. Ho gjekk inn for ein ekteskapskontrakt der ektefellane hadde separate eigedelar. Gifte kvinner fekk kontroll over si eiga lønning i 1904, men hadde framleis ikkje stemmerett. Dette året knuste ho ein stemmeboks under kommunevalet i Paris. I 1910 stilte ho og Marguerite Durand til parlamentsvalet i protest mot styresmaktene, men blei ikkje uventa forkasta.

Hubertine Auclert fortsette som aktivist fram til ho døydde i 1914, 65 år gammal. Ho blei gravlagd ved Père Lachaise-kyrkjegarden i Paris. Franske kvinner fekk røysterett i 1944.

Kjelder


Tags:

10. april184819144. augustFeministKvinnesakRøysterett for kvinnerVal

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Klima i Nord-AmerikaOslo kommuneJon FosseShogunDei sameinte arabiske emirataFrey IISkytjeHarald V av NoregJenny KlingeMaud av NoregSandveOksygenMetroen i MoskvaSamisk kulturRundeTalordKvadratmeterFormannskapBergen kommuneCowboy-LailaKoalaKortnebbgåsElektronikkPink FloydKim HaugenBolognaLohengrin sjokoladeKristian IV av Danmark-NoregWalesCyanArgentinaGoogleSportsjournalistenes statuettMonogamiSuraj i OmanKrutAleksander I av RusslandFridthjov AnderssenFotballAftonbladetHellaszrbt6Skeiselandskampen Nederland–Noreg 1974MS «Framstig»ChristmasøyaSvein Tore MarthinsenJohn Illsley330 skvadronKarl Ove KnausgårdMoskvaNazismePadleneTromsø kommuneVanylven kommuneFenresulvenNederlandBjørn Arild Gram11. aprilItalienskKristoffer ColumbusHønefossGalileo GalileiKattugleBosnia-HercegovinaHaikuKasusØPeriferien Sentral-HellasKoboltJebel Akhdar i OmanDinosaurarFthiótidaKompasspunktWayback MachineKnut Marius DjupvikAmazonaselva🡆 More