Holmgang var ei form for tvikamp brukt i norrøn tid som gjekk føre seg på ein holme, eit skjer eller ein annan avgrensa stad.
Dei to som stod mot kvarandre slost til første blodsdråpe eller til døden. Ein kunne òg overgjeva seg, men dette blei rekna som eit tap av ære.
Tvikampforma er nemnd fleire gonger i sogelitteraturen. Holmgang blei avskaffa som dom i Noreg etter at kristendommen blei innført i mellomalderen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Holmgang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.