Gustav Vasa, eigentleg Gustav Eriksson (12.
mai">12. mai 1496–29. september 1560), var konge av Sverige frå 1523 fram til han døydde.
Gustav Vasa | |||
| |||
Konge av Sverige | |||
Periode | 6. juni 1523-29. september 1560 | ||
---|---|---|---|
Fødd | 12. mai 1496 på Rydboholm gard ein mil nord for Stockholm i Uppland | ||
Fødestad | Rydboholm Castle, Lindholmens | ||
Død | 29. september 1560 på Stockholms slott | ||
Dødsstad | Stockholm, Tre Kronor slott | ||
Mor | Cecilia Månsdotter | ||
Far | Erik Johansson Vasa | ||
Ektefelle |
| ||
Barn | | ||
Motto | Omnis potestas a Deo est | ||
Føregangar | Kristian II | ||
Etterfølgjar | Erik XIV |
I 1520 var Gustav Vasa på flukt frå troppane til danskfødde Christian II, konge av Sverige og dei andre landa i Kalmarunionen. Ein stor del av dei svenske adelege var i opposisjon til kongen, som dei hadde gjeve tilnamnet Christian tyrannen. I eit forsøk på å stogge opposisjonen inviterte Christian det svenske aristokratiet til ein forsoningsfest i Stockholm, berre for å få dei, inkludert Gustav sine foreldre, massakrert i det som seinare har vorte kjent som det stockholmske blodbadet. Gustav flykta gjennom Dalarna i frykt for livet sitt. Der prøvde han å overbevise folk i Mora til å gjera opprør mot kongen, men lukkast ikkje. På ski drog han då vidare mot Noreg, fram til han vart teke att av to skiløparar i Sälen. Mennene i Mora hadde endra meining og ønskte at Gustav skulle leie opprøret. 6. juni 1523 vart Gustav Vasa vald til konge av Sverige, etter å ha slått danske kong Christian og oppløyst Kalmarunionen. Den 12. januar 1528 vart han krona i Uppsala domkyrkje.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Gustav I av Sverige, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.