Guri Annika Schanke (fødd 14.
desember">14. desember 1961) er ein norsk skodespelar, songar og dansar. Ho vann Melodi Grand Prix 2007 og fekk representere Noreg i Eurovision Song Contest 2007, der ho enda på 18. plass i semifinalen.
Guri Schanke | |
Guri Schanke opptrer i Helsingfors i 2007. | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. desember 1961 (62 år) Austlandet |
Yrke | skodespelar, songar, dansar, teaterskodespelar, plateartist, stemmeskodespelar |
Språk | norsk |
Ektefelle | Øivind Blunck |
Nettstad | http://gurischanke.no |
Guri Schanke på Commons |
Guri Schanke er kjend for skodespelarkarrieren sin, særleg i revyar og musikalar. Ho var òg med i siste runden av TV2 sitt underhaldningsprogram Skal vi danse i 2006. 10. februar 2007 vann ho den norske finalen i Melodi Grand Prix med låten «Ven a bailar conmigo» komponert av Thomas G:Son. Schanke representerte Noreg under semifinalen i Eurovision Song Contest 10. mai 2007 i Helsingfors i Finland. Denne semifinalen måtte ho gjennom fordi Noreg sitt bidrag i 2006 ikkje kom blant de ti beste. Guri Schanke fekk for få stemmer til å gå vidare til hovudfinalen.
Guri Schanke var gift med Øivind Blunck frå 1991 til 2008.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guri Schanke, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.