Øivind Blunck (fødd 28.
desember 1950) er ein norsk skodespelar og komikar fødd i Oslo.
Øivind Blunck | |||
Fødd | 28. desember 1950 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Noreg | ||
Verka som | komikar, songar, skodespelar | ||
Ektefelle | Guri Schanke | ||
Prisar | Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Solprisen |
Blunck er kjend for ei rekke humoristiske roller i fjernsyn og på teater, mellom anna som tenåringen Reidar, mopedoriginalen Fridtjof, i revyar saman med Hege Schøyen og som politimannen Holm i fem filmar om Olsenbanden.
Han gjorde et uutsletteleg inntrykk som assyriologen Henrik Meisel i ABC-Teatret sin forviklingskomedie Den Spanske Flue. Han hadde òg rolla som kroverten Thénardier i musikalen Les Misérables då denne vart sett opp første gong i Noreg i 1988.
Øivind Blunck var gift med Guri Schanke frå 1991 til 2008. Han vann Leonardstatuetten i 1998.
«Øivind Blunck» i Store norske leksikon, snl.no.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Øivind Blunck, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.