Gregory Haughton, kjend som Greg Haughton, (fødd 10.
november">10. november 1973) er ein tidlegare sprintar frå Jamaica som tevla internasjonalt på 400 meter. Han vann bronsemedaljen på 400-meteren i verdsmeisterskapane 1993 og 2001, og under OL 2000. Elles var han med å vinne fire VM-sølv i 4 x 400 meter stafett for Jamaica, samt OL-sølv og OL-bronse i same øvinga.
Greg Haughton | |
Statsborgarskap | Jamaica |
Fødd | 10. november 1973 (50 år) Saint Mary Parish på Jamaica |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Haughton sprang sitt livs kjappaste 400 meter då han vart tredjemann på 400 meter under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg. Med tida 44,56 sekund vart han slått berre Michael Johnson og Butch Reynolds, begge frå USA. I den same meisterskapen byrja han på ei unik rekke av stafettmedaljar. Saman med lagkameratar vann Haughton då sølvmedaljen i 4 x 400 m stafett. I dei komande åra sikra han seg på den lange stafetten ein bronse i OL 1996, sølv i VM 1997, VM 1999, OL 2000 og VM 2001. Individuelt vann han bronsemedaljen på 400 meter under OL 2000 og i VM 2001.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Greg Haughton, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.