Godfrey Kneller (opphavleg Gottfried Kniller) (8.
august">8. august 1646–19. oktober 1723) var ein tysk-britisk portrettmålar som var verksam i England. Komponisten Andreas Kneller var bror hans.
Godfrey Kneller | |
Sjølvportrett, 1685 | |
Statsborgarskap | Tyskland, Kongeriket Storbritannia |
Fødd | 8. august 1646 Lübeck |
Død | 19. oktober 1723 (77 år) |
Yrke | kunstmålar, teiknar |
Sjanger | portrett |
Far | Zacharias Kniller |
Godfrey Kneller på Commons |
Kneller var fødd i Lübeck og vart utdanna i Nederland under leiing av Ferdinand Bol. Han var også på studiereiser, mellom anna i Italia.
Frå 1674 arbeidde Kneller som portrettmålar i England. Midt på 1680-talet var han den leiande portrettkunstnaren i landet, ein posisjon han tok over etter Peter Lely. I 1688 vart han utnemnd til hoffmålar for den komande kong Villiam, saman med John Riley som døydde tre år seinare. Resten av livet levde Kneller av å måle portrett av så å seie alle samtidige, kunstinteresserte engelske stormenn.
Kneller dreiv ein verkstad med stor produksjon, noko som gjer at ein del av måleria hans er lite originale. I sine beste arbeid viste han derimot stor vitalitet.
Han vart teken opp i adelsstanden i 1715.
Kneller døydde av feber i London i 1723.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Godfrey Kneller, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.